Absalon av Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Absalon av Lund
Copenhagen statue of Absalon 1.jpg
Fødd 1128
Ålsgårde, Helsingør
Død

21. mars 1201
Sorø

Yrke politikar, katolsk prest
Absalon av Lund på Commons
Absalon sin likstein i Sorø klosterkyrkje

Absalon eller Absalon Hvide (fødd 1128 i Fjenneslev i Sorø, død 1201 i Sorø)[1] var ein dansk erkebiskop og statsmann. Han var biskop i Roskilde 11581191, erkebiskop av Lund i Skåne frå 1177. Absalon var son til Asser Rig, fosterbror til kong Valdemar den store og bror til stormannen Esbern Snare.

Delar av Absalons borg under Christiansborg i København.
Foto: Christian Bickel

Absalon studerte teologi og kyrkjerett i Paris, og vart alt som 30-åring biskop av Roskilde. I 1167 fekk han den vesle byen Hafn av kongen. Her fekk han bygd ei borg med kloster.[2] Byen voks etter kvart fram som ein viktig handelsstad, og fekk seinare namnet København.[1] I dag ligg det restar av Absalons Borg under Christiansborg. Absalon samarbeidde tett med kong Valdemar, og i 1169 hjelpte han kongen med å innta Rügen og delar av Pommern frå venderane. I 1177 etterfølgde han biskop Eskil som erkebiskop i Lunds stift.

Som erkebiskop utvikla han benediktinarklosteret i Sorø, som far hans hadde grunnlagt, til eit velståande cistercienserkloster. I dag er Sorø klosterkyrkje den einaste delen av klosteret som er intakt. Sorø Akademi er bygd integrert i klosterbygningane, og her finst det restar av murverk frå klostertida.

Absalon la tunge skattar på folket på Skåne, og skånebøndene gjorde opprør mot politikken hans i 11801182. Dette opprøret slo han ned på brutalt vis ved å alliera seg med lokale stormenn.

Etter at Knut VI tok over som konge i 1182, var Absalon den reelle herskaren i Danmark.

Absalon er gravlagd i Sorø klosterkyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Absalon (1128-1201)» (dansk). Selskabet for Københavns Historie. Henta 8. september 2016. 
  2. Helge Salvesen. «Absalon – 1128-1201». Store norske leksikon. Henta 8. september 2016.