Absolute Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Absolute Music er ein serie med samlealbum der kvart album er sett saman av aktuelle og populære poplåtar. Serien blir gjeven ut av samleselskapet EVA Records og starta i Sverige i november 1986. På byrjinga av 90-talet kom serien òg til Noreg og Danmark med utgjevingar tilpassa dei einskilde landa.

Det første Absolute Music-albumet i Noreg kom i mars 1991 under namnet Absolute Music 1. Samlingane vart først utgjevne med berre tre album i året, først ein i mars, ein i september og ein i desember. Frå 1998 byrja dei å sende ut ei ekstra plate i juni, og samlinga kjem no altså ut fire gonger i året. Absolute Music hadde si stordomsstid på 90-talet, då kunne dei selje over 200 000 eksemplar i året. I 2007 selde dei rundt 35 000 eksemplar.[1]

EVA Records står òg bak andre Absolute-utgjevingar som Absolute Hits, Absolute Dance, Absolute Reggae og Absolute Kids. Selskapet har rettane til namnet «Absolute», noko som førte til at det norske bandet Luxus Leverpostei måtte endre namnet på albumet sitt frå Absolute Bullshit til 100% Bullshit.[2]

I 2009 vart Absolute Music og det liknande merket McMusic slått saman til Now That' What I Call Music, eit verdskjend varemerke i samlealbumsbransjen som har vore brukt på hitsamlinger i UK og USA i ei årrekkje. Absolute Music kom til nummer 60, medan McMusic stoppa på nummer 47. EVA Records har vore samleplateselskapet til EMI og Warner Music, medan McMusic har vore tilsvarande for Universal og Sony Music. Universal Music, Sony Music, EMI Music og Warner Music i Noreg har altså slått seg saman om eitt samleplateselskap.

Den første Now That' What I Call Music! nummer 1-cd-en vart gjeven ut den 23. november 2009, og distribuert via Universal. Dobbelt-cd-en Now That' What I Call Music! Hits 2009 blei gjeven ut i desember same året via EMI.[3]

Absolute Music-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Lengd Salstrofé
Absolute Music 1 1991
Absolute Music 2 1991
Absolute Music 3 1991
Absolute Music 4 1992
Absolute Music 5 1992
Absolute Music 6 1992
Absolute Music 7 1993
Absolute Music 8 1993 Platina
Absolute Music 9 1993 4 x platina
Absolute Music 10 1994 Platina
Absolute Music 11 1994
Absolute Music 12 1994
Absolute Music 13 1995 Platina
Absolute Music 14 1995 2 x platina
Absolute Music 15 1995 4 x platina
Absolute Music 16 1996 Gull
Absolute Music 17 1996 3 x platina
Absolute Music 18 1996 4 x platina
Absolute Music 19 1997 3 x platina
Absolute Music 20 1997
Absolute Music 21 1997 4 x platina
Absolute Music 22 1998
Absolute Music 23 1998
Absolute Music 24 1998
Absolute Music 25 1998
Absolute Music 26 1999
Absolute Music 27 1999
Absolute Music 28 1999 3 x platina
Absolute Music 29 1999
Absolute Music 30 2000
Absolute Music 31 2000
Absolute Music 32 2000
Absolute Music 33 2000
Absolute Music 34 2001
Absolute Music 35 2001
Absolute Music 36 2001
Absolute Music 37 2001
Absolute Music 38 2002
Absolute Music 39 2002
Absolute Music 40 2002
Absolute Music 41 2003
Absolute Music 42 2003
Absolute Music 43 2003
Absolute Music 44 2003
Absolute Music 45 2004
Absolute Music 46 2004
Absolute Music 47 2004
Absolute Music 48 2005
Absolute Music 49 2005
Absolute Music 50 2005
Absolute Music 51 2005
Absolute Music 52 2006
Absolute Music 53 2006
Absolute Music 54 2006
Absolute Music 55 2006
Absolute Music 56 2008
Absolute Music 57 2008
Absolute Music 58 2008
Absolute Music 59 2009
Absolute Music 60 2009

Absolute VG-lista og Absolute Hits[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Lengd Salstrofé
Absolute VG-lista 1980 2007
Absolute VG-lista 1981 2007
Absolute VG-lista 1982 2007
Absolute Hits '99 1999
Absolute Hits 2000 2000
Absolute Hits 2001 2001
Absolute Hits 2002 2002
Absolute Hits 2003 2003
Absolute Hits 2004 2004
Absolute Hits 2005 2005
Absolute Hits 2006 2006

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]