Absolutt einingssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit absolutt einingssystem er eit system der alle andre einingar er avleidd av éin eller nokre få absolutte grunneiningar. Ei rekkje slike system har vore i bruk.

I eit naturleg einingsystem, spesielt eigna for bruk i teoretisk fysikk, vel ein atomær storleik (masse eller lengd) som einaste grunneining, og naturkonstantar som lyssnøggleik og Plancks konstant, vert sett lik 1. I det atomære systemet (Hartreesystemet) vel ein elementærladinga, elektronmassen og Plancks konstant som grunneiningar. I dei forskjellige CGS-systema nyttar ein tre grunneiningar, og i SI-systemet sju.

Omgrepet absolutt einingssystem vart først nytta av Carl Friedrich Gauss på det CGS-systemet han konstruerte som ein kombinasjon av det elektriske og det magnetiske, og som no vanlegvis vert kalla Det gausske CGS-systemet.

I det tidlegare brukte tekniske systemet inngår tyngda av eit kilogram som grunneininga. Sidan tyngda varierer frå stad til stad, vert ikkje dette eit absolutt system.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]