Absorpsjon av stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Absorpsjon av elektromagnetisk stråling går føre seg ved at strålinga gradvis blir svekka når han trengjer inn i eit stoff. Strålingsenergien vert overført først til enkelte elektron, som blir sett i rørsle, og energien fordelar seg så etter kvart som ei varmerørsle i stoffet. Absorpsjonen er avhengig av bølgjelengda til strålinga og av eigenskapane til det absorberande stoffet. Den lineære absorpsjonskoeffisienten indikerer kor mykje strålingsintensiteten minkar per lengdeeining stoff. Halvverditjukkleiken indikerer kor langt strålinga må gå i stoffet for at strålingsintensiteten er halvert. Når eit stoff absorberer stråling med særskilde bølgjelengder eller i særskilde område av spekteret særs sterkt, vert dette kalla selektiv absorpsjon.

Langbølgja stråling som radiobølgjer vert absorbert sterkt i stoff som er elektrisk leiande, og lite i isolatorar. Minkar bølgjelengda vil absorpsjonen i isolatorane auke, fordi ein kjem inn i strålingsområde med selektiv absorpsjon. I desse områda er halvverditjukkleiken av same storleik som bølgjelengda til strålinga. Den selektive absorpsjonen har stor praktisk tyding og er årsaka til fargane til stoff, fargekjensla til auga og fotografiske filmar, og ein nyttar han som hjelpemiddel i analytisk kjemi.

Ved særs korte bølgjelengder, i området for gammastråling forsvinn den selektive absorpsjonen, og strålinga vert meir og meir gjennomtrengande (hard stråling). Halvverditjukkleiken er her tilnærma proporsjonal med tettleiken til stoffet og ein kan derfor verne seg mot slik stråling ved å skjerme med tunge stoff, som regel bly. At absorpsjonen er avhengig av tettleiken til stoff, vert utnytta i røntgenfotografering, sidan stoff med størst tettleik svekkar strålinga mest. For å oppnå passande kontrastar må hardleiken til strålinga (bølgjelengda) tilpassast det materialet som skal undersøkast.

Partikkelstråling[endre | endre wikiteksten]

Absorpsjon av partikkelstråling (α- og β-stråler) skil seg frå absorpsjon av elektromagnetiske stråling ved at strålingsintensiteten ikkje minkar gradvis. Alle stråler av same partikkelslag og med same energi tilbakelegg praktisk talt same veglengd i eit stoff før dei vert stoppa. Denne veglengda vert kalla rekkevidda til strålen i stoffet. Den aukar med partikkelenergien og minkar med aukande lading og masse hos partiklane. Rekkevidda minkar òg når tettleiken til det absorberande stoffet aukar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]