Absorpsjonsspektrofotometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Absorpsjonsspektrofotometri er ein del av spektroskopien som omhandlar måling av absorpsjon av elektromagnetisk stråling i grunnstoff og kjemiske sambindingar ved bruk av eit spektrometer eller fotometer. Det blir nytta til å karakterisere, identifisere eller kvantifisere grunnstoff eller kjemiske sambindingar. Målingane kan utførast ved ein bestemd bølgjelengd eller innan eit avgrensa bølgjelengdeområde, til dømes i ultrafiolett, synleg eller infraraudt område av det elektromagnetiske spektrum. For å karakterisere eller identifisere ei sambinding avgjer ein absorpsjonen som funksjon av bølgjelengda (absorpsjonspektrum). For å avgjere konsentrasjonen måler ein absorbansen ved ei spesifikk bølgjelengd. Beers lov er basis for kvantitative avgjersler. Ein skil mellom atomabsorpsjonspektrometri og molekylabsorpsjonspektrometri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]