Abzucht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abzucht
elv
Abzucht Goslar.jpg
Abzucht i gamlebyen i Goslar
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 31,6 km²
Renn gjennom Goslar
Sideelvar Gose, Dörpke, Gelmke
Lengd 12,1 km
Kjelde Wintertal i Harz-fjella
 - høgd 722 moh.
Munning Oker
 - høgd 192 moh.
Wikimedia Commons: Abzucht (Oker)

Abzucht (i øvre løp òg kalla Wintertalbach) er ei elv i Niedersachsen i Tyskland. Ho er ei venstre sideelv til Oker, og er 12,1 kilometer lang med eit nedbørfelt på 31,6 km².[1] Abzucht har utspring ved Wintertal i Harz-fjella, på nordaustsida av Schalke (762 moh). Elva renn derfrå i nordleg retning. På vestsida av byen Goslar renn Abzucht saman med den betydeleg større sideelva Gose, og snur deretter mot nordaust og seinare aust. Elva renn gjennom den historiske gamlebyen i Goslar, og munnar ut i Oker rundt tre kilometer austom byen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gewässergütebericht Oker 2002» (pdf). Niedersächsischer Landesbetrieb für Wasserwirtschaft und Küstenschutz (NLWK). 2002. Henta 11. september 2014.