Acamarachi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 23°18′S 67°37′W
Acamarachi
fjell
Acamarachi Volcano.jpg
Land Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 6 046 moh.
Primærfaktor 1 608 m
Koordinatar 23°18′S 67°37′W
Wikimedia Commons: Acamarachi

Acamarachi, også kjend som Pili, er ein 6 046 moh høg stratovulkan i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile. Fjellet ligg nordaust for vulkanane Aguas Calientes og Lascar, og sørvest for Salar de Pujsa-delen av naturreservatet Los Flamencos nasjonalreservat. Vulkanen ligg på høgfjellsplatået Puna de Atacama.

Fjellet har ei bratt kjegle med skråningar på opptil 45 grader. Det ligg ved søraustenden av ei lita gruppe med vulkanar som strekker seg til Colachi i nordvest. Ein bitteliten kratersjø på ca 10-15 m i diameter er i krateret. Truleg er vatnet den nest høgste kratersjøen i verda, og den nest høgste innsjøen i Sør-Amerika, etter kratersjøen i vulkanen Ojos del Salado.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]