Aces High av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aces High
Singel av Iron Maiden
frå albumet Powerslave
B-side «King of Twilight» (Nektar-song)

«The Number of the Beast» (live)

Utgjeve 22. oktober 1984
Innspelt 1984
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:31
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
«2 Minutes to Midnight»
(1984)
Aces High «Running Free (live)»
(1985)


«Aces High» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, skriven av bassisten i bandet, Steve Harris. Han var den ellevte singelen til bandey og den andre frå studioalbumet Powerslave (1984).

Den første B-sida til singelen var ein versjon av Nektar-songen «King of Twilight» frå albumet A Tab in the Ocean frå 1972. Versjonen deira er i røynda ein medley av songane «Crying in the Dark» og «King of Twilight», dei to siste songane på albumet. Den japanske 12"-singelen vart miksa med B-sidene frå singlane «The Trooper» og «2 Minutes To Midnight».[1][2]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Teksten i songen er skriven ut frå synspunktet til ein britisk RAF-pilot som kjempar mot tyske Luftwaffe under Battle of Britain i 1940.[3]

«Aces High» er ein av dei mest populære songane til Iron Maiden, og har blitt spelt av mange andre artistar.[4][5] Songen vart nytta i videospelet Madden NFL 10, MTV-showet Nitro Circus og Steve Peat-delen av mountain bike-filmen New World Disorder III. Colin McKay nytta songen i sin del av skate-videoen Plan B Questionable. Songen finst òg i videospelet Carmageddon II: Carpocalypse Now.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Aces High» vert ofte spelt som opningssongen på konsertane til Iron Maiden. Dette kan ein mellom anna sjå i videoane Live After Death og Iron Maiden: Flight 666. Songen kjem ofte like etter Winston Churchill-talen «We shall fight on the beaches» med lyden av fly i bakgrunnen. Churchill-talen vart òg nytta i byrjinga av musikkvideoen til songen.

I eit intervju i 2014 med magasinet Q sa Gerard Way at «konsertversjonen av 'Aces High' frå Live After Death var songen som førsst fekk han interessert i å spele live.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Aces High»  Steve Harris 4:31
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «King of Twilight» (Nektar cover)Nektar 4:49
12"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Aces High»  Steve Harris 4:31
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «King of Twilight» (Nektar-song)Nektar 4:49
2. «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Westfalenhalle Arena, Dortmund, Germany, 18 December 1983)Harris 4:57
Japansk og brasiliansk 12"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Aces High»  Harris 4:31
2. «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Westfalenhalle Arena, Dortmund, Germany, 18 December 1983)Harris 4:56
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «King of Twilight» (Nektar-song)Nektar 4:50
2. «Rainbow's Gold» (Beckett-song)Terry Slesser, Kenny Mountain 4:57
3. «Cross-Eyed Mary» (Jethro Tull-song)Ian Anderson 3:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå singelomslaget.[7][8]

Iron Maiden
Produksjon

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1984) Plassering Album
«Aces High» Irish Singles Chart 29[14] Powerslave
UK Singles Chart 20[15]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«2 Minutes to Midnight / Aces High» UK Albums Chart[merk 1] 11[16]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2 Minutes To Midnight». Henta 24. august 2016. 
  2. «The Trooper». Henta 24. august 2016. 
  3. 92 Squadron - Geoffrey Wellum, RAF website
  4. «Aces High - Iron Maiden». WhoSampled. Henta 24. august 2016. 
  5. «Aces High by Iron Maiden». SongFacts. Henta 24. august 2016. 
  6. Q #341, December 2014, p48
  7. «Aces High» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 October 1984. 
  8. «Aces High» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 October 1984. 
  9. Numbers From The Beast Last.FM entry
  10. Scott Lavender - Aces High Last.FM entry
  11. Concord Dawn - Aces High Diskografi
  12. The Iron Maidens Last.FM entry
  13. Children of Bodom - Aces High Last.FM entry
  14. «Irish Singles». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 1 October 2011. 
  15. «Top 40 Official UK Singles Archive 10 November 1984». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  16. «Top 40 Official UK Albums Archive 31 March 1990». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]