Achel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei flaske og glas med Achel blond

Achel er eit trappistøl frå bryggeriet til trappistklosteret De Achelse Kluis i Hamont-Achel i Flandern i Belgia. Klosterbryggeriet Achel er det minste av dei sju godkjende trappistbryggeria.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vesle klosteret i Hamont-Achel vart oppretta i 1851. I 1859 vart det produsert øl, ost og brød i klosteret. Under den første verdskrigen måtte munkane forlata klosteret under den tyske okkupasjonen, og i 1917 vart koparet frå bryggjekjelane, om lag 700 kg, konfiskert og smelta om til ammunisjon.

Då det nederlandske trappistbryggeriet La Trappe på slutten av 1990-talet mista retten til å kalla ølet sitt trappistøl, såg den internasjonale samanslutninga av trappistbryggeri dystert på situasjonen, då det berre var fem andre kloster igjen som brygga trappistøl. Munkane i Westmalle bidrog med midlar til munkane i Achel for å få bygd eit nytt bryggeri der, og i 1998 vart det igjen starta brygging i Achel.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

I 1998 såg Achel 5° dagens lys. Dette er eit blond øl med relativt låg alkoholstyrke, berre 5 %. Det var berekna på gjestar på dagsbesøk i klosteret, då turgjengarar og syklistar ikkje trong eit sterkare øl. Achel 5 var meir eit øl for å sløkkja tørsten enn eit gourmetøl. Kritikarar, som ikkje forventa noko dårlegare enn eit øl av verdsklasse frå eit trappistbryggeri, var lunkne til dette ølet.

Eit år seinare kom den tyngre Achel 7°. Også denne fekk ei middels mottaking. Med ein mellomting mellom desse to, Achel 6°, fekk klosterbryggeriet dei første forsiktig positive reaksjonane, og då den blonde Achel 8° vart lansert i 2001, etablerte bryggeriet seg for fullt som eit fullverdig trappistbryggeri. Årsproduksjonen er om lag 4500 hektoliter.

Det vert brygga fem trappistøl:

  • Achel Blond 5°, 5% alkoholstyrke
  • Achel Bruin 5°, 5%
  • Achel Blond 8°, 8%
  • Achel Bruin 8°, 8%
  • Achel Extra Bruin, 9.5% ABV (berre 75cl)

Blond 5° og Bruin 5° er berre tilgjengelege i klosteret, mens dei andre blir marknadsførte verda rundt. Éit Achel-øl, Achel Blond 8°, er tilgjengeleg i Noreg gjennom Vinmonopolet, per februar 2010.

Som hjå dei andre trappistbryggeria, går inntektene frå salet til drift av klosteret og veldedige føremål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå nederlandsk og engelsk wikipedia, 25. februar 2010.


Trappistøl
Achel | Chimay | La Trappe | Orval | Rochefort | Westmalle | Westvleteren