Hopp til innhald

Acoustic av Nitty Gritty Dirt Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Acoustic
Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band
Utgjeve 1994
Sjanger Country, countryrock, folkrock, bluegrass
Lengd 38:04
Selskap Liberty
Produsent Nitty Gritty Dirt Band
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi 
Not Fade Away
(1990)
Acoustic The Christmas Album
(1997)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Acoustic er det 21. studioalbum til Nitty Gritty Dirt Band, gjeve ut i 1994.

Albumet var, som tittelen indikerer, ei akustisk innspeling, somme songar som dei hadde spelt inn tidlegare. Songen «Sara In The Summer» vart opphavleg gjeven ut som «Sara» på det første soloalbumet til Ibbotson, Nitty Gritty Ibbotson i 1977.[2]

Allmusic-skribenten Jim Newsom gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Eit par år etter rekkja av countryhittar slutta for Nitty Gritty Dirt Band, gjekk bandet attende til røtene sine. Dei fleste songane er særs gode, og lyden er forfriskande usminka samanlikna med streit country. Fordi NGDB var blant dei mange gode artistane som vart sveipa til sides av andletslause artistar med hatt og unge country-damer som var barn av Garth-tida, fann aldri Acoustic eit større publikum. Men denne blandinga av akustiske gitarar, mandolin, dobro, munnspel, trekkspel, vaskebrett og vakre vokalharmoniar leverer mange country/folk-gleder.»[1]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«How Long?»Jimmy Ibbotson2:54
2.«Cupid's Got a Gun»Jimmy Fadden, LeRoy Preston3:41
3.«Sarah in the Summer»Ibbotson3:18
4.«Let It Roll»Jeff Hanna, Bob Carpenter, Tom Kell4:05
5.«Hello, I Am Your Heart»Dennis Linde3:05
6.«Love Will Find a Way»Carpenter, Kell2:42
7.«Tryin' Times»Fadden, Alex Harvey3:34
8.«This Train Keeps Rolling Along»Jim Photoglo, Vince Melamed, Ibbotson4:28
9.«Badlands»Carpenter, Hanna, Fadden, Richard Hathaway3:31
10.«One Sure Honest Line»Ibbotson2:56
11.«Bless the Broken Road»Hanna, Marcus Hummon, Bobby Boyd3:50

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Jeff Hanna – gitar, vaskebrett, solo- og korvokal
  • Jimmie Fadden – trommer, munnspel, korvokal, solovokal på «Cupid's Got A Gun»
  • Jimmy Ibbotson – bass, gitar, mandolin, solo- og korvokal
  • Bob Carpenter – klaverinstrument, trekkspel, bass, harmonivokal, solovokal på «Broken Road»
  1. 1,0 1,1 Newsom, J. Allmusic Review[daud lenkje] henta 27. oktober 2020
  2. Nitty Gritty Ibbotson, Jimmy Ibbotson, First American Records FA7718 (1977) LP