Acquafraggia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Acquafraggia
elv
Acquafraggia (Ian Spackman 2007-002-18).jpg
Ei tilfryst Acquafraggia i februar 2007
Land Flag of Italy.svg Italia
Kjelde Pizzo di Lago
 - høgd 3 050 moh.
Munning Mera ved Borgonuovo i Piuro
Wikimedia Commons: Acquafraggia

Acquafraggia er ei kort og stundom bratt elv i provinsen Sondrio i Lombardia, nord i Italia.

Elva har utspringet sitt i Pizzo del Lago i ei høgd på 3 050 meter over havet på nordsida av Val Bregaglia nær grensa til Sveits, som markerer grensa til nedslagsfeltet til elva Po. Frå her renn ho sørvestover gjennom kommunen Piuro før ho munnar ut i Mera ved Borgonuovo, litt oppfor Chiavenna og enden av Val Bregaglia.

Lenger oppe renn elva gjennom innsjøen Acqua Fraggia i ei høgd på 2 043 meter over havet og ho renn så gjennom to hengedalar og dannar fossefall ut begge desse. Desse fossane vart nemnd av Leonardo da Vinci i Codice Atlantico. Området har vore verna sidan 1983.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]