Kjerrsongarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Acrocephalidae)
Gå til: navigering, søk
Kjerrsongarfamilien


Australtrastsongar, Acrocephalus australisFoto: Brett Donald
Australtrastsongar, Acrocephalus australis
Foto: Brett Donald

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekter
Vitskapleg namn
Acrocephalidae
Salvin, 1882

Kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, er ein nyleg skildra biologisk familie av små sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Acrocephalidae inneheld fire slekter, med kjerrsongarar som den dominerande med 36 artar.

Artane i denne familien er i regelen ganske store «songarar». Dei fleste er ganske vanleg olivengrøne til brune med lysare gult til beige på undersida. Dei er vanlegvis funne i ope skogsterreng, takrøyrskog eller høgt gras. Familien finst mest i sørlege til vestlege Eurasia, men utbreiingsområdet strekkjer seg òg langt inn Stillehavet, med somme artar i Afrika. Slektgrensene har trong for revisjon, men det er i dag lite kunnskap om korleis det bør skje.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Kjerrsongarfamilien[1] i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Nesillas

Slekt Calamonastides

Slekt Iduna

Slekt Hippolais

Slekt Acrocephalus 40 kjerrsongarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. 7. august 2014
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  4. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Dec 2009