Hopp til innhald

Actinoid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Actinoid avmerka i den periodiske tabellen (vid versjon).
Californium

Actinoid eller aktinoid er ein serie grunnstoff i periode 7 i det periodiske systemet. Actinoida er 89 actinium Ac, 90 thorium Th, 91 protactinium Pa, 92 uran U, 93 neptunium Np, 94 plutonium Pu, 95 americium Am, 96 curium Cm, 97 berkelium Bk, 98 californium Cf, 99 einsteinium Es, 100 fermium Fm, 101 mendelevium Md, 102 nobelium No, 103 lawrencium Lr. Det uformelle kjemiske symbolet An blir brukt i generell omtale av actinoidkjemi for å visa til einkvar actinoid.[1][2][3] Stoffa blei tidlegare kalla actinid eller aktinid, men International Union of Pure and Applied Chemistry (IUPAC) tilrår endinga -oid sidan -id vanlegvis blir nytta om negativt ladde ion.[4]

Heile f-blokka det periodiske systemet består av actinoid og lantanoid; i tillegg er det eitt actinoid (lawrencium) og eitt lantanoid (lutetium) i d-blokka.[5][6] I framstillingar av den periodiske tabellen blir f-blokka av grunnstoff vanlegvis vist som to ekstra rekkjer under hovudtabellen.[1] Dette er berre ein konvensjon knytt til utsjånad og formatering. Ein vidare tabell med 4f og 5f på dei rette plassane finst også, men er mindre vanleg.

Actinoid er transisjonsmetall.[7] Dei er sølvkvite eller sølvgrå på farge, og er uedle, svært reaktive metall.[8] Alle actinoida er radioaktive.

Alle actinoida har stor atomradius og ioneradius. Gruppa har ei vid rekkje fysiske eigenskapar. Actinium og actinoid frå curium og vidare har liknande eigenskapar som lantanoid, medan thorium, protactinium og uran er mykje meir like transisjonsmetalla i kjemien, medan neptunium, plutonium og americium ligg imellom desse.

På grunn av dei lange halveringstidene sine finst berre thorium og uran i monalege mengder på jorda og astrofysisk. Den radioaktive nedbrytinga av uran dannar flyktige mengder actinium og protactinium, medan atom av neptunium og plutonium av og til blir danna av transmutasjonsreaksjonar i uranmalm. Dei andre actinoida er reint syntetiske grunnstoff.[1][9] Prøvesprengingar med kjernevåpen har frigjeve minst seks actinoid som er tyngre enn plutonium i naturen; analysar av restar etter den fyrste prøvesprenginga av ei hydrogenbombe i 1952 fann americium, curium, berkelium, californium og dei nye stoffa einsteinium og fermium.[10]

Naturleg uran og thorium og syntetisk produsert plutonium er dei mest utbreidde actinoida på jorda. Dei har blitt nytta i kjernereaktorar, og uran og plutonium er kritiske delar av kjernevåpen. Uran og thorium har også hatt fleire andre bruksområde, og americium blir nytta i ionisasjonskammera til dei fleste moderne røykvarslarar.

Syntese av transuranstoff[11]
Stoff År Metode
Neptunium 1940 Bombardering av 238U med nøytron
Plutonium 1941 Bombardering av 238U med deuteron
Americium 1944 Bombardering av 239Pu med nøytron
Curium 1944 Bombardering av 239Pu med α-partiklar
Berkelium 1949 Bombardering av 241Am med α-partiklar
Californium 1950 Bombardering av 242Cm med α-partiklar
Einsteinium 1952 Som produkt av ein kjernevåpeneksplosjon
Fermium 1952 Som produkt av ein kjernevåpeneksplosjon
Mendelevium 1955 Bombardering 253Es med α-partiklar
Nobelium 1965 Bombardering av 243Am med 15N
eller av 238U med 22Ne
Lawrencium 1961
–1971
Bombardering av 252Cf med 10B eller 11B
og av 243Am med 18O

Fram til 1940 kjende vitskapen berre til actinium, thorium, protactinium og uran. Thorium og uran fanst i større mengder frå naturlege førekomstar, medan mindre mengde av actinium og protactinium kunne dannast naturleg ved radioaktiv spalting av uran. Frå 1940 av blei fleire actinoid framtilte kunstig gjennom bestråling med nøyton eller syklotronakselererte ion.[8]

Som lantanoid dannar actinoid ei gruppe grunnstoff med liknande eigenskapar. Innanfor actinoida finst det to overlappande grupper: transuranstoff, som kjem etter uran i periodesystemet, og transplutoniumstoff, som kjem etter plutonium. Samanlikna med lantanoid, som (bortsett frå promethium) finst i naturen i merkbare mengder, er dei fleste actinoid uvanlege. Dei fleste opptrer ikkje i naturen, og av dei som gjer det, finst berre thorium og uran i meir enn spormengder. Dei mest utbreidde eller lettast syntetiserte actinoida er uran og thorium, følgd av plutonium, americium, actinium, protactinium, neptunium og curium.[12]

Den moglege eksistensen av transuranstoff blei lagt fram i 1934 av Enrico Fermi, basert på eksperimenta hans.[13][14] Sjølv om fire actinoid var kjende på denne tida, forstod ein enno ikkje at dei danna ein familie lik den til lantanoidane. Det utbreidde synet i den tidlege forskinga på transuranstoff var at dei var vanlege grunnstoff i den 7. perioden, medthorium, protactinium og uran tilsvarande hafnium, tantal og wolfram i den 6. perioden. Syntese av transuranstoff svekka gradvis dette synspunktet. I 1944 leidde ein observasjon av at curium ikkje synte oksidasjonsnivå over 4 (medan den tenkte homologen til stoffet i 6. periode, platina, kan nå oksidasjonsstatus 6) til at Glenn Seaborg formulerte ein «actinoidehypotese». Studiar av kjende actinoid og oppdagingar av fleire transuranstoff gav meir data som støtta dette synspunktet, men omgrepet «actinoidehypotese» (med implikasjonen at ein «hypotese» er noko som ikkje har blitt tydeleg bevist) blei verane i aktiv bruk av vitskapsfolk til seint på 1950-talet.[15][16]

I dag finst det to hovudmetodar til å framstilla isotopar av transplutonske stoff: (1) bestråling av lettare stoff nøytron; (2) bestråling med akselererte ladde partiklar. Den fyrste metoden er viktigare for praktisk bruk, sidan berre nøytronbestråling med kjernereaktorar gjer at ein kan framstilla monaleg store mengder syntetiske actinoid; men metoden er avgrensa til relativt lette stoff. Fordelen med den andre metoden er at ein kan oppnå stoff som er tyngre enn plutonium, i tillegg til isotopar med færre nøytron, som ikkje blir danna under nøytronbestråling.[17]

Frå actinium til uran

[endre | endre wikiteksten]
Enrico Fermi la fram hypotesen om transuranske grunnstoff i 1934.

Uran og thorium ver dei fyrste actinoidane som blei oppdaga. Uran blei identifisert i 1789 av den tyske kjemikaren Martin Heinrich Klaproth i bekblendemalm. Han gav stoffet namn etter planeten Uranus,[9] som var blitt oppdaga åtte år tidlegare. Klaproth klarte å skilja ut ei gul sambinding (truleg natriumdiuranat) gjennom å løysa opp bekblende i salpetersyre og nøytralisera løysinga med natriumhydroksid. Deretter reduserte han det gule pulveret han fekk med trekol, og vann ut eit svart stoff han feilaktig tok for eit metall.[18] Seksti år seinare identifiserte den franske vitskapsmannen Eugène-Melchior Péligot det som uranoksid. Han isolerte også den fyrste prøven av uranmetall ved å varma opp urantetraklorid med metallisk kalium.[19] Atommassen til uran blei så kalkulert til 120, men Dmitrij Mendelejev retta dette til 240 i 1872 med periodelovene sine. Denne verdien blei bekrefta gjennom eksperiment i 1882 av K. Zimmerman.[20][21]

Thoriumoksid blei oppdaga av Friedrich Wöhler i mineralet thorianitt, som var blitt funne i Noreg i 1827.[22] Jöns Jacob Berzelius karakteriserte materialet i meir detalj i 1828. Gjennom reduksjon av thoriumtetraklorid med kalium isolerte han metallet og kalla det thorium etter den norrøne guden for lyn og tore, Tor eller Thor.[23][24] Den same isoleringsmetoden blei seinare nytta av Péligot for uran.[9]

Actinium blei oppdaga i 1899 av André-Louis Debierne, ein assistent for Marie Curie, i det som var att av bekblende etter fjerning av radium og polonium. Han skildra stoffet i 1899 som liknande titan[25] og (i 1900) som liknande thorium.[26] Debierne si oppdaging av actinium blei stilt spørsmålsteikn ved i 1971[27] og 2000,[28] med argument om at Debierne sine utgjevingar i 1904 motsa det tidlegare arbeidet hans frå 1899–1900. Dette synet gjev i staden æra til Friedrich Oskar Giesel i 1902, som oppdaga eit radioaktivt element kalla emanium som oppførte seg liknande som lantan. Namnet actinium kjem frå gresk ακτίς, ακτίνος (aktis, aktinos), som tyder stråle. Dette metallet blei oppdaga ikkje gjennom si eiga stråling, men frå strålinga til dei avleidde produkta sine.[29][30] På grunn av den sterke likskapen mellom actinium og lanthanum og den vesle mengda kunne ein berre framstilla reint actinium i 1950. Omgrepet «actinide» blei truleg fyrst nytta av Victor Goldschmidt i 1937.[31][32]

Protactinium kan ha blitt isolert i 1900 av William Crookes.[33] Det blei fyrst identifisert i 1913, då Kasimir Fajans og Oswald Helmuth Göhring oppdaga den kortlivde isotopen 234mPa (halveringstid 1,17 minutet) under studiane sine av den radioaktive nedbrytinga av 238U. Dei gav stoffet namnet «brevium» (frå latin brevis, ‘kortvarig’);[34][35] Namnet blei endra til protoactinium (frå gresk πρῶτος + ἀκτίς, ‘fyrste strålestoff’) i 1918 då to grupper av vitskapsfolk, leidde av austerrikske Lise Meitner og tyske Otto Hahn og britiske Frederick Soddy og John Arnold Cranston, uavhengig av kvarandre oppdaga den mykje meir langvarige 231Pa. Namnet blei forkorta til protactinium i 1949. Stoffet var lite skildra fram til 1960, då Alfred Maddock og medarbeidarane hans i Storbritannia isolerte 130 gram protactinium frå 60 tonn materiale som var att av ein malm etter at ein hadde vunne ut uran frå han.[36]

Neptunium og vidare

[endre | endre wikiteksten]

Neptunium (med namn etter planeten Neptun, den neste planeten ut frå Uranus, som uran har namn etter) blei oppdaga av Edwin McMillan og Philip H. Abelson i 1940 i Berkeley i California.[37] Dei produserte isotopen 239Np (halveringstid 2,4 dagar) ved å bombardera uran med sakte nøytron.[36] Dette var det fyrste transuranstoffet som blei framstilt syntetisk.[38]

Glenn T. Seaborg og gruppa hans ved University of California at Berkeley syntetiserte Pu, Am, Cm, Bk, Cf, Es, Fm, Md, No og element 106, som seinare blei kalla seaborgium til ære for han. Dei syntetiserte over hundre actinoideisotopar.

Transuranstoff opptrer ikkje i større mengder i naturen, og blir vanlegvis syntetiserte gjennom kjernereaksjonar utførte ved hjelp av kjernereaktorar. Til dømes blir uran-238 delvis konvertert til plutonium-239 under bestråling med reaktornøytron:

Denne syntesereaksjonen blei fyrst nytta av Fermi og medarbeidarane hans i utforminga deira av reaktorane ved Hanford Site, som produserte betydelege mengder plutonium-239 til kjernevåpena i Manhattan-prosjektet og kjernevåpenarsenalet til USA etter krigen.[39]

Actinoid med dei høgaste massetala blir syntetiserte ved at ein bombarderer urani, plutonium, curium og californium med ion av nitrogen, oksygen, karbon, neon eller boron i ein partikkelakselerator. På dette viset blei nobelium framstilt ved at ein bombarderte uran-238 med neon-22 slik:

.

Dei fyrste isotopane av transplutoniumstoff, americium-241 og curium-242, blei syntetiserte i 1944 av Glenn T. Seaborg, Ralph A. James og Albert Ghiorso.[40] Curium-242 blei framstilt ved at ein bombarderte plutonium-239 med 32-MeV α-partiklar:

.

Americium-241 og curium-242-isotopane blei også framstilte gjennom bestråling av plutonium i ein kjernereaktor. Det sistnemnde grunnstoffet fekk namn etter Marie Curie og ektemannen hennar Pierre, som er kjende for å ha oppdaga radium og for arbeidet sitt med radioaktivitet.[41]

Bombardering av curium-242 med α-partiklar gav ein isotop av californium 245Cf som resultat i 1950, og ein liknande prosedyre gav berkelium-243 frå americium-241 i 1949.[42] Dei nye grunnstoffa fekk namn etter Berkeley i California, gjennom ein analogi med lantanoid-homologen sin terbium, som fekk namne etter Ytterby i Sverige.[43]

I 1945 oppnådde B.B. Cunningham den fyrste testbare kjemiske sambindinga av eit transplutoniumstoff, americiumhydroksid.[44] Dei neste åra blei det samla opp milligram-mengder av americium og mikrogram-mengder av curium som gjorde at ein kunne framstilla isotopar av berkelium[45][46] og californium.[47][48][49] Monalege mengder av desse stoffa blei framstilte i 1958,[50] og den fyrste californium-sambindinga (0,3 μg av CfOCl) blei framstilt i 1960 av B.B. Cunningham og J.C. Wallmann.[51]

Einsteinium og fermium blei identifiserte i 1952–1953 i det radioaktive nedfallet frå prøvesprenginga «Ivy Mike» (1. november 1952), den fyrste suksessrike sprenginga av ei hydrogenbombe. Uran-238 blei utsett for ein stor nøytronfluks som resultat av eksplosjonen og danna tunge uranisotopar, som gjekk gjennom ein serie betadesintegrasjonar til nuklidar som einsteinium-253 og fermium-255. Oppdaginga av nye grunnstoff og dei nye dataa om nøytronfangst blei opphavleg haldne hemmelege på ordre frå det amerikanske militæret fram til 1955 på grunn av spenningar under den kalde krigen.[10][52] Berkeley-gruppe klarte likevel å framstilla einsteinium og fermium med sivile metodar, gjennom nøytronbombardering av plutonium-239, og publiserte arbeide sitt i 1954 med ein merknad om at dette ikkje var dei fyrste studia som var blitt gjort av desse grunnstoffa.[53][54] The "Ivy Mike" studies were declassified and published in 1955.[52] Dei fyrste skikkelege (submikrogram) mengdene av einsteinium blei framstilte i 1961 av Cunningham og medarbeidarar, men dette er framleis ikkje blitt gjort for fermium.[55]

Den fyrste isotopen av mendelevium, 256Md (halveringstid 87 min), blei syntetisert av Albert Ghiorso, Glenn T. Seaborg, Gregory Robert Choppin, Bernard G. Harvey og Stanley Gerald Thompson då dei bombarderte eit mål av 253Es med alfapartiklar i 60-tommars-syklotronen til Berkeley Radiation Laboratory. Dette var den fyrste isotopen av noko grunnstoff som var blitt syntetisert med eit atom om gongen.[56]

Det blei gjort fleire forsøk på å oppnå isotopar av nobelium av svenske (1957) og amerikanske (1958) grupper, men det fyrste pålitelege resultat var syntesen av 256No av den russiske gruppa til Georgij Fljorov i 1965, noko IUPAC anerkjende i 1992. I eksperimenta sin bombarderte Fljorov et al. uran-238 med neon-22.[11]

I 1961 oppnådde Ghiorso et al. den fyrste isotopen av lawrencium gjennom å bestråla californium (for det meste californium-252) med boron-10- og boron-11-ion.[11] Massetalet til denne isotopen (kanskje 258 eller 259) blei ikkje klart fastslått i samband med forsøket. I 1965 blei 256Lr syntetisert av Fljorov et al. frå 243Am og 18O. IUPAC har anerkjend kjernefysikkgruppene i Dubna og Berkeley som medoppdagarar av lawrencium.

Utbreiing i naturen

[endre | endre wikiteksten]
Uranmalm.

Thorium og uran er dei mest utbreidde actinoida i naturen med massekonsentrasjonar på høvesvis 16 ppm og 4 ppm.[57] Uran finst for det meste i jordskorpa som ei blanding av oksida sine i mineralet uraninitt, som også er kjent som bekblende på grunn av den svarte fargen sin. Det finst fleire dusin andre uranmineral som carnotitt (KUO2VO4·3H2O) og autunitt (Ca(UO2)2(PO4)2·nH2O). Den isotopiske samansetjinga av naturleg uran er 238U (relativ utbreiing 99,2742 %), 235U (0,7204 %) og 234U (0,0054 %); av desse har 238U den største halveringstida på 4,51×109 år.[58][59] Produksjonen av uran på verdsbasis i 2009 var 50,572 tonn, med 27,3 % vunne ut i Kasakhstan. Andre viktige uranproduserande land er Canada (20,1 %), Australia (15,7 %), Namibia (9,1 %), Russland (7,0 %) og Niger (6,4 %).[60]

Innhald av plutonium i uran- og thoriummalm<[61][62]
Malm Stad Uran-
innhald, %
Masseforhold
239Pu/malm
Forhold
239Pu/U (×10-12)
UraninittCanada13.59.1×10-127.1
UraninittCongo384.8×10-1212
UraninittColorado, US503.8×10-127.7
MonazittBrazil0.242.1×10-148.3
MonazittNorth Carolina, US1.645.9×10-143.6
Fergusonitt-0.25<1×10-14<4
Carnotitt-10<4×10-14<0.4

Dei mest utbreidde thoriumminerala er thorianitt (ThO2), thoritt (ThSiO4) og monazitt, ((Th,Ca,Ce)PO4). Dei fleste thoriummineralar inneheld uran og motsett; og alle har monalege delar lantanoid. Det finst rike førekomstar av thoriummineral i USA (440 000 tonn), Australia og India (~300 000 tonn kvar) og Canada (~100 000 tonn).[63]

Utbreiinga av actinium i jordskorpa er berre rundt 5×10-15 %.[64] Actinium finst for det meste i uran-haldig mineral, men også i andre, der det finst i mykje mindre mengder. Actinium-innhaldet i dei fleste naturlege materiale svarer til den isotopiske jamvekta til foreldreisotopen 235U.[30] Protactinium er meir utbreidd (10−12 %) i jordskorpa enn actinium. Det blei oppdaga i uranmalm i 1913 av Fajans og Göhring.[34] Som actinium følgjer utbreiinga av protactinium den til 235U.[64]

Halveringstida til dei lengstlevande isotopane til neptunium, 237Np, er neglisjerbar samanlikna med alderen til jorda. Neptunium finst i naturen i neglisjerbare mengder danna som mellomliggjande nedbrytingsprodukt av andre isotopar.[38] Det blei fyrst funne spor av plutonium i uranmineral i 1942. Ein kunne ikkje finna plutonium i prøvar tekne frå månen. Sidan det er så sjeldan i naturen blir plutonium for det meste framstilt syntetisk.[61]

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Fysiske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]
Viktige krystallstrukturar hjå nokre actinoid vs. temperatur
Metall- og ioneradiusane til actinoid.
Actinoid har mellom 89 og 103 proton og vanlegvis 117−159 nøytron

Actinoid er typiske metall. Alle er mjuke og sølvfarga, men oksiderer og blir mørke i luft,[65] relativt høg tettleik og plastisitet. Nokre av dei kan skjerast med kniv. Den elektriske motstanden deira varierer mellom 15 og 150 μΩ·cm.[66] Hardleiken til thorium likna den til mjukt stål, så oppvarma reint thorium kan rullast til plater og trekkast ut til tråd. Thorium er nær halvparten så tett som urani og plutonium, men er hardare enn begge. Alle actinoid er radioaktive, paramagnetiske, og bortsett frå actinium har dei fleire krystallinske fasar: plutonium har sju og uran, neptunium og californium har tre. Krystallstrukturane til protactinium, uran, neptunium og plutonium har ikkje klare analogar blant lantanoidane og er meir like 3d-transisjonmetalla.[59]

Alle actinoid er pyroforiske, særleg i findelt form, det vil seia at dei spontant tek fyr når dei reagererer med luft ved romtemperatur.[65][67] Smeltepunkta til actinoid har ikkje klare samband med talet på f-elektron. Dei uvanleg låge smeltepunkta til neptunium og plutonium (~640 °C) kan forklarast av hybridisering av 5f- og 6d-orbitalar og danninga av retningsbindingar i desse metalla.[59]

Kjemiske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Som lantanoid er alle actinoid svært reaktive med halogen og kalkogen; men actinoid reagerer lettare. Actinoid, særleg dei med små tal 5f-eleckron, kan lett gå gjennom hybridisering. Dette kan forklarast av likskapen mellom elektronenergien til 5f, 7s og 6d-skjela. Dei fleste actinoida syner ein større vatiasjon av valensnivå, dei mest stabile er +6 for uran, +5 for protactinium and neptunium, +4 for thorium og plutonium og +3 for actinium og andre actinoid.[68]

Actinium er kjemisk ganske likt lantan, som kan forklarast av dei liknande ioneradiusane og elektronstrukturane deira. Som lantan har actinium nesten alltid eit oksidasjonsnivå på +3 i samnbindingar, men det er mindres reaktivt og har meir tydelege basiske eigenskapar. Blant andre trivalente actinoid er Ac3+ minst surt, dvs. at det har den veikeste tendensen til å hydrolysera i vassløysingar.[30][59]

Inni ein røykvarslar som innheld americium-241.

Medan actinoid har nokre etablerte bruksområde i dagleglivet, som i røykvarslarar (americium)[69][70] og glødestrømper (thorium),[71] blir dei hovudsakleg nytta i kjernevåpen og som kjernebrensel i kjernereaktorar.[71] Desse siste to bruksområda nyttar eigenskapane til actinoid til å frigjeva enorme energimengder i kjernereaksjonar, som i nokre høve kan bli til sjølvoppretthaldande kjedereaksjonar.

Sjølvopplysing av ein kjernereaktor av tsjerenkovstråling.
Ein pellet av 238PuO2 til bruk i ein radioisotopisk termoelektrisk generator.

Den viktigaste isotopen for bruk innan kjerneenergi er uran-235. Han blir nytta i ein termisk reaktor, og finst ikkje i ein konsentrasjon over 0,72 % i naturleg uran. Isotopen absorberer kraftig termiske nøytron, noko som frigjev mykje energi. Ei fisjonshending med 1 gram av 235U blir omforma til rundt 1 MW·dag. 235
92
U
sender ut fleire nøytron enn han absorberer;[72] og når han når kritisk masse går 235
92
U
inn i ein sjølvoppretthaldande kjedereaksjon.[59] Urankjerna blir typisk delt i to fragment med utslepp av 2–3 nøytron, til dømes:

235
92
U
+ 1
0
n
115
45
Rh
+ 118
47
Ag
+ 31
0
n

Andre lovande actinoideisotopar for kjernekraft er thorium-232 og produkta frå han i ein thoriumreaktor, uran-233.

Kjernereaktor[59][73][74]
Kjerna i dei fleste generasjon II-kjernereaktorar inneheld eit sett hole metallstenger, vanlegvis av zirkonlegeringar, fylt med solide kjernebrenslepelletar – vanlegvis oksid, karbid, nitrid eller monosulfid av uran, plutonium eller thorium, eller ei blanding av dei (såkalla MOX-brensle). Den vanlegaste brensletypen av oksid av uran-235.
Nuclear reactor scheme
Nuclear reactor scheme

Raske nøytron blir seinka ned av moderatorar, som innehld vatn, karbon, deuterium eller beryllium, som termiske nøytron for å auka effektiviteten av verkselverknaden deira med uran-235. Farten til kjernereaksjonen blir kontrollert ved å introdusere ekstra stenger laga av boron eller kadmium eller ein flytande absorbent, vanlegvis borsyre. Reaktorar for plutoniumproduksjon blir kalla formeiringsreaktorar eller breeder-reaktor. Dei har ulik design og nyttar raske nøytron.

Utslepp av nøytronar under fisjon av uran er viktig ikkje berre for å oppretthalda kjernekjedereaksjonen, men også for framstillinga av tyngre actinoid. Uran-239 blir omforma via β-desintegrasjon til plutonium-239, som, likt uran-235, kan stå for spontan fisjon. Verdas fyrste kjernereaktorar blei laga ikkje for å vinna ut energi, men for å framstilla plutonium-239 til kjernevåpen.

Rundt halvparten av produsert thorium blir nytta som lys-strålande materiale i glødestrømper.[71] Thorium blir også nytta i legeringar av magnesium og sink. Mg-Th-legeringar er lette og sterke, men har også høge smeltepunkt og formbarheit. Dei er difor mykje brukte i luftfartsindustiren og i produksjon av missil. Thorium har også gode elektronemisjoneigenskapar, med lang levetid og låg potensiell barriere for utslepp.[72] Det relative innhaldet av thorium- og uranisotopar kan nyttast til å estimera alderen til ulike objekt, som stjerner (sjå radiometrisk datering).[75]

Hovudbruken av plutonium har vore i kjernevåpen, der isotopen plutonium-239 var ein nøkkelkomponent på grunn av kor lett han går gjennom fisjon og er tilgjengeleg. Plutonium-baserte design gjer at ein kan redusera den kritiske massen til rundt ein tredel av den for uran-235.[76] Plutoniumbomber av «Fat Man»-typen som blei laga under Manhattan-prosjektet nytta eksplosiv kompresjon av plutonium for å oppnå mykje høgare tettleikar enn normalt, kombinert med ei sentral nøytronkjelde for å byrja reaksjonen og auka effektiviteten. Slik trong ein 6,2 kg plutonium for eit eksplosivt resultat tilsvarande 20 kilotonn TNT.[77] Hypotetisk kan så lite som 4 kg plutonium, og kanskje endå mindre, nyttast til å laga ei einskild atombombe ved hjelp av særs sofistikerte design.[78]

Plutonium-238 er ein potensielt meir effektiv isotop for kjernereaktorar, sidan han har ein mindre kritisk masse enn uran-235, men han held fram med å sleppa ut mykje termisk energi (0,56 W/g)[70][79] ved desintegrasjon sjølv når fisjonskjedereaksjonen blir stoppa med kontrollstenger. Bruken er avgrensa av den høge prisen (kring 1000 US-dollar/g). Isotopen har vore nytta i termosøyler og vassdestillasjonssystem i nokre kunstige satellittar og romstasjonar. Romfartøyet Galileo og Apollo-fartøy (som Apollo 14[80]) hadde oppvarmarar med kilogram-mengder av plutonium-238-oksid; denne varmen kan også omformast til elektrisitet med thermosøyler. Desintegrasjonen til plutonium-238 produserer relativt harmlause alfapartiklar og ikkje gammastråling. Derfor blir denne isotopen (~160 mg) nytta som energikjelde i pacemakerar der han varer kring 5 gonger lengre enn vanlege batteri.[70]

Actinium-227 blir nytta som nøytronkjelde. Den høge spesifikke energien (14,5 W/g) og tilgangen til betydelege mengder termisk stabile samband gjer isotopen attraktiv for bruk i langvarige termoelektriske generatorar for fjernbruk. 228Ac blir nytta som indikator for radioaktivitet i kjemisk forsking, sidan det slepp får seg høgenergielektron (2,18 MeV) som lett kan oppdagast. 228Ac-228Ra-blandingar er vidt brukte som ei intens gammakjelde i industrien og innan medisin.[30]

Utviklinga av sjølv-glødande actinoide-dopa materialar med haldbare krystallinske matriser er eit nytt område for actinoidebruk ettersom tilsetjing av alfa-stårlande radionuklidar til nokre glas og krystallar kan gje dei luminescens.[81]

  1. 1 2 3 Theodore Gray (2009). The Elements: A Visual Exploration of Every Known Atom in the Universe. New York: Black Dog & Leventhal Publishers. s. 240. ISBN 978-1-57912-814-2.
  2. Morss, Lester; Asprey, Larned B. (1 August 2018). «Actinoid element». britannica.com. Encyclopædia Britannica. Henta 3 September 2020.
  3. Neil G. Connelly; et al. (2005). «Elements». Nomenclature of Inorganic Chemistry. London: Royal Society of Chemistry. s. 52. ISBN 978-0-85404-438-2.
  4. Asprey, L.B.; Morss, L. (1. august 2018), «actinoid element», Encyclopedia Britannica
  5. Jensen, William B. (2015). «The positions of lanthanum (actinium) and lutetium (lawrencium) in the periodic table: an update». Foundations of Chemistry 17: 23–31. doi:10.1007/s10698-015-9216-1. Henta 28. januar 2021.
  6. Scerri, Eric (18. januar 2021). «Provisional Report on Discussions on Group 3 of the Periodic Table». Chemistry International 43 (1): 31–34. doi:10.1515/ci-2021-0115.
  7. Neve, Francesco (2022). «Chemistry of superheavy transition metals». Journal of Coordination Chemistry 75 (17–18): 2287–2307. doi:10.1080/00958972.2022.2084394.
  8. 1 2 «actinoider» i Store norske leksikon, snl.no.
  9. 1 2 3 Greenwood, s. 1250
  10. 1 2 Fields, P.; Studier, M.; Diamond, H.; Mech, J.; Inghram, M.; Pyle, G.; Stevens, C.; Fried, S.; Manning, W.; et al. (1956). «Transplutonium Elements in Thermonuclear Test Debris». Physical Review 102 (1): 180–182. Bibcode:1956PhRv..102..180F. doi:10.1103/PhysRev.102.180.
  11. 1 2 3 Greenwood, s. 1252
  12. Myasoedov, s. 7
  13. E. Fermi (1934). «Possible Production of Elements of Atomic Number Higher than 92». Nature 133 (3372): 898–899. Bibcode:1934Natur.133..898F. doi:10.1038/133898a0.
  14. Mehra, Jagdish; Rechenberg, Helmut (2001). The historical development of quantum theory. Springer. s. 966. ISBN 978-0-387-95086-0.
  15. Seaborg, G. T. (1994). «118 – Origin of the actinide concept». I K.A. Gschneidner Jr., L; Eyring, G.R. Choppin; G.H. Landet. Handbook on the Physics and Chemistry of Rare Earths. 18 – Lanthanides/Actinides: Chemistry. Elsevier. s. 4–6, 10–14.
  16. Wallmann, J. C. (1959). «The first isolations of the transuranium elements: A historical survey». Journal of Chemical Education 36 (7): 340. Bibcode:1959JChEd..36..340W. doi:10.1021/ed036p340.
  17. Myasoedov, s. 9
  18. Martin Heinrich Klaproth (1789). «Chemische Untersuchung des Uranits, einer neuentdeckten metallischen Substanz». Chemische Annalen 2: 387–403.
  19. E.-M. Péligot (1842). «Recherches Sur L'Uranium». Annales de chimie et de physique 5 (5): 5–47.
  20. Ingmar Grenthe (2006). «Uranium». The Chemistry of the Actinide and Transactinide Elements. s. 253–698. ISBN 978-1-4020-3555-5. doi:10.1007/1-4020-3598-5_5.
  21. K. Zimmerman, Ann., 213, 290 (1882); 216, 1 (1883); Ber. 15 (1882) 849
  22. Golub, s. 214
  23. Berzelius, J. J. (1829). «Untersuchung eines neues Minerals und einer darin erhalten zuvor unbekannten Erde (Investigation of a new mineral and of a previously unknown earth contained therein)». Annalen der Physik und Chemie 16 (7): 385–415. Bibcode:1829AnP....92..385B. doi:10.1002/andp.18290920702. (modern citation: Annalen der Physik, vol. 92, no. 7, pp. 385–415)
  24. Berzelius, J. J. (1829). «Undersökning af ett nytt mineral (Thorit), som innehåller en förut obekant jord" (Investigation of a new mineral (thorite), as contained in a previously unknown earth)» (PDF). Kungliga Svenska Vetenskaps Akademiens Handlingar (Transactions of the Royal Swedish Science Academy): 1–30. Arkivert frå originalen (PDF) 9. oktober 2022.
  25. André-Louis Debierne (1899). «Sur un nouvelle matière radio-active». Comptes Rendus (på fransk) 129: 593–595.
  26. André-Louis Debierne (1900–1901). «Sur un nouvelle matière radio-actif – l'actinium». Comptes Rendus (på fransk) 130: 906–908.
  27. H. W. Kirby (1971). «The Discovery of Actinium». Isis 62 (3): 290–308. JSTOR 229943. doi:10.1086/350760.
  28. J. P. Adloff (2000). «The centenary of a controversial discovery: actinium». Radiochim. Acta 88 (3–4_2000): 123–128. doi:10.1524/ract.2000.88.3-4.123.
  29. Golub, s. 213
  30. 1 2 3 4 Z. K. Karalova; B. Myasoedov (1982). Actinium. Analytical chemistry items. Moscow: Nauka.
  31. Hakala, Reino W. (1952). «Letters». Journal of Chemical Education 29 (11): 581. Bibcode:1952JChEd..29..581H. doi:10.1021/ed029p581.2.
  32. George B. Kauffman (1997). «Victor Moritz Goldschmidt (1888–1947): A Tribute to the Founder of Modern Geochemistry on the Fiftieth Anniversary of His Death». The Chemical Educator 2 (5): 1–26. doi:10.1007/s00897970143a.
  33. John Emsley (2001). «Protactinium». Nature's Building Blocks: An A-Z Guide to the Elements. Oxford, England: Oxford University Press. s. 347–349. ISBN 978-0-19-850340-8.
  34. 1 2 K. Fajans; O. Gohring (1913). «Über die komplexe Natur des Ur X». Naturwissenschaften 1 (14): 339. Bibcode:1913NW......1..339F. doi:10.1007/BF01495360.
  35. K. Fajans; O. Gohring (1913). «Über das Uran X2-das neue Element der Uranreihe». Physikalische Zeitschrift 14: 877–84.
  36. 1 2 Greenwood, p. 1251
  37. Edwin McMillan; Abelson, Philip (1940). «Radioactive Element 93». Physical Review 57 (12): 1185–1186. Bibcode:1940PhRv...57.1185M. doi:10.1103/PhysRev.57.1185.2.
  38. 1 2 V.A. Mikhailov, red. (1971). Analytical chemistry of neptunium. Moscow: Nauka.
  39. Hanford Cultural Resources Program, US Department of Energy (2002). Hanford Site Historic District: History of the Plutonium Production Facilities, 1943–1990. Columbus OH: Battelle Press. s. 1.22–1.27. ISBN 978-1-57477-133-6. OSTI 807939. doi:10.2172/807939.
  40. Nina Hall (2000). The New Chemistry: A Showcase for Modern Chemistry and Its Applications. Cambridge University Press. s. 8–9. ISBN 978-0-521-45224-3.
  41. Myasoedov, s. 8
  42. Thompson, S. G.; Ghiorso, A.; Seaborg, G. T. (1950). «Element 97». Phys. Rev. 77 (6): 838–839. Bibcode:1950PhRv...77..838T. doi:10.1103/PhysRev.77.838.2.
  43. Thompson, S. G.; Ghiorso, A.; Seaborg, G. T. (1950). «The New Element Berkelium (Atomic Number 97)». Phys. Rev. 80 (5): 781–789. Bibcode:1950PhRv...80..781T. doi:10.1103/PhysRev.80.781.
  44. Wallace W. Schulz (1976) The Chemistry of Americium, U.S. Department of Commerce, p. 1
  45. Thompson, S.; Ghiorso, A.; Seaborg, G. (1950). «Element 97». Physical Review 77 (6): 838–839. Bibcode:1950PhRv...77..838T. doi:10.1103/PhysRev.77.838.2.
  46. Thompson, S.; Ghiorso, A.; Seaborg, G. (1950). «The New Element Berkelium (Atomic Number 97)». Physical Review 80 (5): 781–789. Bibcode:1950PhRv...80..781T. doi:10.1103/PhysRev.80.781.
  47. S. G. Thompson; K. Street Jr.; A. Ghiorso; G. T. Seaborg (1950). «Element 98». Physical Review 78 (3): 298–299. Bibcode:1950PhRv...78..298T. doi:10.1103/PhysRev.78.298.2.
  48. S. G. Thompson; K. Street Jr.; A. Ghiorso; G. T. Seaborg (1950). «The New Element Californium (Atomic Number 98)» (PDF). Physical Review 80 (5): 790–796. Bibcode:1950PhRv...80..790T. doi:10.1103/PhysRev.80.790. Arkivert frå originalen (PDF) 9. oktober 2022.
  49. K. Street Jr.; S. G. Thompson; G. T. Seaborg (1950). «Chemical Properties of Californium». J. Am. Chem. Soc. 72 (10): 4832–4835. Bibcode:1950JAChS..72R4832S. doi:10.1021/ja01166a528. hdl:2027/mdp.39015086449173. Arkivert frå originalen 15 May 2016. Henta 23 October 2010.
  50. S. G. Thompson and B. B. Cunningham (1958) "First Macroscopic Observations of the Chemical Properties of Berkelium and Californium", supplement to Paper P/825 presented at the Second Intl. Conf., Peaceful Uses Atomic Energy, Geneva
  51. Darleane C. Hoffman, Albert Ghiorso, Glenn Theodore Seaborg (2000) The transuranium people: the inside story, Imperial College Press, ISBN 1-86094-087-0, s. 141–142
  52. 1 2 A. Ghiorso; S. G. Thompson; G. H. Higgins; G. T. Seaborg; M. H. Studier; P. R. Fields; S. M. Fried; H. Diamond; J. F. Mech; G. L. Pyle; J. R. Huizenga; A. Hirsch; W. M. Manning; C. I. Browne; H. L. Smith; R. W. Spence (1955). «New Elements Einsteinium and Fermium, Atomic Numbers 99 and 100». Phys. Rev. 99 (3): 1048–1049. Bibcode:1955PhRv...99.1048G. doi:10.1103/PhysRev.99.1048.
  53. S. Thompson; A. Ghiorso; B. G. Harvey; G. R. Choppin (1954). «Transcurium Isotopes Produced in the Neutron Irradiation of Plutonium». Physical Review 93 (4): 908. Bibcode:1954PhRv...93..908T. doi:10.1103/PhysRev.93.908.
  54. G. R. Choppin; S. G. Thompson; A. Ghiorso; B. G. Harvey (1954). «Nuclear Properties of Some Isotopes of Californium, Elements 99 and 100». Physical Review 94 (4): 1080–1081. Bibcode:1954PhRv...94.1080C. doi:10.1103/PhysRev.94.1080.
  55. Albert Ghiorso (2003). «Einsteinium and Fermium». Chemical and Engineering News 81 (36).
  56. A. Ghiorso; B. Harvey; G. Choppin; S. Thompson; G. Seaborg (1955). New Element Mendelevium, Atomic Number 101. Physical Review 98. s. 1518–1519. Bibcode:1955PhRv...98.1518G. ISBN 978-981-02-1440-1. doi:10.1103/PhysRev.98.1518.
  57. Jay H. Lehr; Janet K. Lehr (2000). Standard handbook of environmental science, health, and technology. McGraw-Hill Professional. s. 2–38. ISBN 978-0-07-038309-8.
  58. Lide, D. R., red. (2005). CRC Handbook of Chemistry and Physics (86th utg.). Boca Raton, Florida: CRC Press. ISBN 0-8493-0486-5.
  59. 1 2 3 4 5 6 Yu.D. Tretyakov, red. (2007). Non-organic chemistry in three volumes. Chemistry of transition elements 3. Moscow: Academy. ISBN 978-5-7695-2533-9.
  60. «World Uranium Mining». World Nuclear Association. Arkivert frå originalen 26. juni 2010. Henta 11 June 2010.
  61. 1 2 F. Weigel; J. Katz; G. Seaborg (1997). The Chemistry of the Actinide Elements 2. Moscow: Mir. ISBN 978-5-03-001885-0.
  62. Nave, S.; Haire, R.; Huray, Paul (1983). «Magnetic properties of actinide elements having the 5f6 and 5f7 electronic configurations». Physical Review B 28 (5): 2317–2327. Bibcode:1983PhRvB..28.2317N. doi:10.1103/PhysRevB.28.2317.
  63. Thorium, USGS Mineral Commodities
  64. 1 2 E.S. Palshin (1968). Analytical chemistry of protactinium. Moscow: Nauka.
  65. 1 2 Greenwood, s. 1264
  66. Greenwood, s. 1263
  67. General Properties and Reactions of the Actinides. LibreTexts. 22. mai 2015. «Many actinide metals, hydrides, carbides, alloys and other compounds may ignite at room temperature in a finely divided state.»
  68. Golub, pp. 222–227
  69. Smoke Detectors and Americium, Nuclear Issues Briefing Paper 35, mai 2002
  70. 1 2 3 Greenwood, s. 1262
  71. 1 2 3 Greenwood, s. 1255
  72. 1 2 Golub, s. 220–221
  73. G. G. Bartolomei; V. D. Baybakov; M. S. Alkhutov; G. A. Bach (1982). Basic theories and methods of calculation of nuclear reactors. Moscow: Energoatomizdat.
  74. Greenwood, pp. 1256–1261
  75. Sergey Popov; Alexander Sergeev (2008). «Universal Alchemy». Vokrug Sveta (på russisk) 2811 (4).
  76. David L. Heiserman (1992). «Element 94: Plutonium». Exploring Chemical Elements and their Compounds. New York: TAB Books. s. 338. ISBN 978-0-8306-3018-9.
  77. John Malik (September 1985). The Yields of the Hiroshima and Nagasaki Explosions (PDF). Los Alamos. s. Table VI. LA-8819. Arkivert frå originalen (PDF) 24. februar 2009. Henta 15. februar 2009.
  78. «Nuclear Weapon Design». Federation of American Scientists. 1998. Arkivert frå originalen 26. desember 2008. Henta 7. desember 2008.
  79. John Holdren and Matthew Bunn Nuclear Weapons Design & Materials. Project on Managing the Atom (MTA) for NTI. 25. november 2002
  80. Apollo 14 Press Kit – 01/11/71 Arkivert 21. juli 2019 ved Wayback Machine., NASA, s. 38–39
  81. B.E. Burakov; M.I Ojovan; W.E. Lee (2010). Crystalline Materials for Actinide Immobilisation. World Scientific. ISBN 978-1-84816-418-5.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Actinoid