Actors Studio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Actors' Studio)
Gå til: navigering, søk
Actors Studio
Actors-studio crop.jpg
The Actors Studio ved West 44th Street i Manhattan
Type Teaterskule
Skipa 5. otober 1947
Hovudkontor New York by
Nettstad theactorsstudio.org

Actors Studio er ein amerikansk skodespelarorganisasjon og teaterskule med hovudkvarter i New York.

Skulen vart grunnlagd i 1947 av Elia Kazan, Cheryl Crawford, Robert Lewis ogAnna Sokolow, som lærte opp medlemmar.[1] Lee Strasberg kom seinare med og dreiv skulen frå 1951 til han døydde i 1982. I dag er skulen driven av Al Pacino, Ellen Burstyn og Harvey Keitel.

Actors Studio er mest kjend for The Method eller method acting som er ei form for dramaundervisning basert på prinsippa til Konstantin Stanislavskij.

Nokre kjende elevar er Marlon Brando, Paul Newman, James Dean, Marilyn Monroe, Jane Fonda og Steve McQueen.

Organisasjonen omfattar også Actors Studio West, eit avsnitt i West Hollywood i California skipa i 1967.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anna Sokolow The Rebelious Spirit av Larry Warren s. 89–94: The Actors Studio. ISBN 90-5702-185-4
  2. ACTORS STUDIO WEST, http://theactorsstudio.org/actors-studio-west/, henta 3. februar 2016 
Spire Denne teaterartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.