Ad-Dahna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ad-Dahna
ørken
Al-Dahna.jpg
Satellittbilete av Al-Dahna-ørkenen
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 24°06′N 45°26′E
Map
Ad-Dahna
24°6′0″ N 45°25′0″ E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ad-Dahna Desert

Ad-Dahna-ørkenen er den sentrale delen av den arabiske ørkenen.[1] Det er ein korridor med sandterreng som dannar ei bogeform mellom an-Nafud-ørkenen i nord til Rub' al-Khali-ørkenen i sør. Han strekkjer seg meir enn 1 000 km med Twaikfjella i aust og er aldri meir enn 80 km brei. Han vert òg rekna som grensa mellom Al-Ahsa-provinsen og Najd. Al-Dahna-ørkenen er derfor strengen som knyter saman dei store ørkenane i Saudi-Arabia.

Ørkenen er ei rekkje av sju ørkenar på rad, som er skild frå kvarandre av sletter.[2] Det går vegar gjennom Al-Dahnā, som knyter Kuwait til Al-Zilfī og Riyadh og Riyadh til Hasa.[2]

Al-Dahna-ørkenen består av høge sanddyner som strekker seg ut horisontalt i det som vert kallar årer (arabisk عروق). Dei er hovudsakleg raude sidan dei inneheld jernoksid.

Ein karavane i Al-Dahnā.

Grotter[endre | endre wikiteksten]

Under den harde ørkenen i Saudi-Arabia, ligg mørke kammer og komplekse labyrintar med krystallinske strukturar, stalaktittar og stalagmittar. Kalksteinsunderlaget til Summanplatået, eit karstområdet aust i ad-Dahna-ørkenen, er befengt av slike grotter, som lokalt vert kalla Dahl. Somme har små opningar inn til grotter, medan andre fører til ein labyrint av passasjar som kan vere fleire kilometer lange. Lokale beduinar har kjend desse grottene i lange tider og somme vart nytta til vassforsyning.[treng kjelde] Dei vart først systematisk undersøkt i 1981, og seinare utforska av Saudi geologiske undersøkingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikisource-logo.svg Wood, James, red. (1907). «Dahna Desert». The Nuttall Encyclopædia. London and New York: Frederick Warne. 
  2. 2,0 2,1 «Al-Dahnā». Encyclopaedia Britannica. Henta 28. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ad-Dahna