Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ad infinitum)
Dette er ei liste over mykje brukte uttrykk frå latin.
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| a dato |
frå denne dag |
| ab eterno |
frå æve av |
| ab hinc |
herifrå, heretter |
| ab igne ignem |
av eld kjem eld |
| ab initio |
frå byrjinga |
| ab ovo |
frå egget, dvs. heilt frå den aller første byrjinga. Uttrykket stammar frå Horats. |
| abrupt |
brått, usamanhengande, avbrote |
| abstrus |
dunkel, vanskeleg å forstå |
| ab urbe condita |
etter at byen (Roma) vart grunnlagd |
| abusos non tollit usum |
misbruk utelukkar ikkje bruk |
| abusus |
misbruk; verditap ved bruk av ein gjenstand |
| acta |
dokument, handlingar. |
| acta sanctorum |
gjerningane åt dei heilage |
| actus purus |
rein handling/verksemd (brukt av Thomas Aquinas om den høgste stofflause forma, Gud) |
| ad |
preposisjon, tyder t.d. for, til, ved ... |
| ad absurdum |
til det absurde, brukt til dømes i ad absurdum-bevis |
| ad acta |
bortlagd (førebels), saka er lagd ad acta (bokstavleg: «til aktene») |
| ad arma |
til våpen |
| ad bestias |
til dei ville dyra, domsformular frå romartida |
| ad experimentum |
som eit forsøk, mellombels |
| ad extremum |
til slutt |
| ad hoc |
til dette (føremålet), t.d. i ad hoc-løysing og ad hoc-organisasjon |
| ad infinitum |
i det uendelege |
| ad interim |
førebels, inntil vidare |
| ad lit(t)eram |
etter bokstaven, dvs. bokstavleg (tala), ordrett |
| ad maiorem Dei gloriam (AMDG) |
til den større Guds herlegdom, mottoet til Jesuittordenen |
| ad nauseam |
til det vemmelege el. kvalmande |
| ad notam |
merkje seg, leggje seg på minnet |
| ad perpetuam memoriam |
til evig minne |
| ad pias causas |
til gode (eig. fromme) føremål, til ei god sak |
| ad quadratum |
til kvadratet, arkitektonisk komposisjonssystem |
| ad referendum |
(saka) vert notert el. lagt føre (t.d. for ei overordna styresmakt) |
| ad rem |
som høyrer til saka, el. som utrop: til saka! |
| ad undas |
til bølgjene; gå ad undas, gå i vasken, vere mislukka |
| ad usum |
til bruk; ad usum proprium, til eige bruk |
| ad valorem |
etter verdien; ad valorem-toll, verditoll |
| adekvat (av adaequare) |
god nok |
| adolescens |
pubertet |
| anno domini |
i det herrens år, markerer årstal med tida etter Kristi fødsel |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| calendarium perpetuum |
ævekalender |
| caveat emptor |
akt deg, kjøpar |
| caveat lector |
akt deg, lesar |
| culpa |
skuld, brukt m.a. i jus (jf. culpa-regelen) |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| et alibi (et al.) |
og andre |
| exempli gratia (e.g.) |
for eksempel |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| ibid(em) |
same plass, referansen rett over i ei referanseliste |
| idem |
det same, i like måte |
| id est (i.e.) |
det er, det tyder |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| opera citado (op. cit.) |
sitert tidlegare, sitert tidlegare i ei referanseliste, men ikkje rett over |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| perpetuum mobile |
ævemaskin (bokstavleg: «evig rørsle») |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| qua |
som, i eigenskap av |
| qualis rex, talis grex |
som konge, så folk |
| quandoque bonus dormitat Homerus |
stundom søv også den gode Homerus, dvs. sjølv den beste kan ta feil |
| quantum satis (q.s.) |
stor nok mengd, brukt på legereseptar |
| qui pro quo |
ein (i staden) for ein (annan), dvs. forveksling, misforståing |
| quid Saulus inter prophetas |
som Saulus blant profetane, dvs. ein som har hamna i feil selskap |
| quo vadis, Domine? |
kvar går du, Herre? |
| quod erat demonstrandum (Q.E.D.) |
som var det som skulle synast, Q.E.D. står ofte etter eit matematisk prov |
| quod licet Jovi, non licet bovi |
det som er tillate for Jupiter, er ikkje tillate for oksen, dvs. det ein kan godta frå ein viktig person, kan ein ikkje godta frå kven som helst |
| Uttrykk |
Tyding (og ev. bruk) |
| veni, vidi, vici |
eg kom, eg såg, eg vann (sigra) |