Ada Ciganlija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 44°47′N 20°24′E

Satellittbilete av Ada Ciganlija. Savasjøen er den smale stripa sør for øya

Ada Ciganlija eller berre Ada (serbisk Ада Циганлија) er ei menneskapt halvøy og tidlegare øy i elva Sava i sentrale område av Beograd. Namnet vert òg nytta om den kunstige Savasjøen og stranda her. Øya ligg nedanfor sentrum i byen og har dei siste tiåra vorte omgjort frå ei utilgjengeleg myr frykta for offisielle avrettingar, til ein særs populær fleirbruksstad for innbyggjarane i Beograd med strender og sportsanlegg. Om sommaren kjem hit over 100 000 vitjande dagleg[1] og opp til 300 000 vitjande i helgene.[2] [3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg på høgre breidda av Sava og tre vegfyllingar omgjorde øya geografisk til ei halvøy. Ho vert likevel framleis rekna som ei øy av innbyggjarane i Beograd. Øya er langstrekt, om lag 6 km frå sørvest til nordaust, og 700 meter på det breiaste med eit areal på 2,7 km²[4].

Savasjøen[endre | endre wikiteksten]

Savasjøen om vinteren

Savasjøen, vanlegvis berre kalla Ada, vart skapt av vegfyllingane som går ut til øya i 1967.[2] Innsjøen er 4,2 km lang, i snitt 200 meter brei og er 4-6 meter djup. Han dekkjer eit område på 0,8 km². 7 km av breidda til innsjøen er omgjort til ei grusstrand på begge sider. Vasstemperaturen når vanlegvis 24 °C om sommaren.

Begge demningane som lukkar innsjøen er utstyrt med røyr og pumper og vatnet renn gjennom eit lite tjern før det renn inn i sjølve innsjøen. Slik kan styresmaktene reinse vatnet før det vert pumpa vidare inn i Savasjøen. Vassverket i byen nyttar òg dette vatnet.[3] Sidan vatnet er drikkevasskjelde er det strenge miljømessige vern av innsjøen og motoriserte båtar på innsjøen eller hundar på stranda er ikkje lov[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ada Ciganlija

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lj. Perović (14. juli 2008). Sto hiljada sugrađana na Vodenom cvetu "100.000 fellow citizens on Water flower". Politika. (serbisk)
  2. 2,0 2,1 Ada Ciganlija Island. Beograd by (22. oktober 2007). (serbisk)
  3. 3,0 3,1 3,2 Kupalište "Bathing place". Ada Ciganlija.
  4. Nebojša Dragosavac (2002). Čukarica-nekad i sad "Čukarica-before and now". (serbisk)