Ada Madsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ada Madsen
Ada Madssen med Dronning Maud-monumentet 1956.jpg
Fødd 9. februar 1917
Oslo
Død

22. september 2009

Yrke bilethoggar

Ada Margrethe Madsen, òg kjend som Ada Madssen (fødd 9. februar 1917 i Oslo, død 22. september 2009) var ein norsk bilethoggar, utdanna hjå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Per Krohg i åra 1935 til 1937, og hjå Statens Kunstakademi under Wilhelm Rasmussen og Axel Revold i åra 1938 til 1940.

Ada Madsen er mest kjend for ein statue i granitt av dronning Maud som står på Slottsplassen i Oslo, attmed porten inn til Dronningparken, avduka av kong Olav V i 1959, statuen av Camilla CollettEidsvoll frå 1977, og monumentet over Harriet Backer og Agathe Backer-Grøndahl i Holmestrand frå 1982.

Dronning Maud statue

I oktober 2007 vart Ada Madsen riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]