Ada Madssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ada Madssen
Ada Madssen med Dronning Maud-monumentet 1956.jpg
Fødd 9. februar 1917
Oslo
Død

22. september 2009

Yrke bilethoggar
Ada Madssen på Commons

Ada Margrethe Madssen, òg kjend som Ada Madssen (9. februar 191722. september 2009) var ein norsk bilethoggar, utdanna hjå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Per Krohg i åra 1935 til 1937, og hjå Statens Kunstakademi under Wilhelm Rasmussen og Axel Revold i åra 1938 til 1940.

Ada Madsen er mest kjend for ein statue i granitt av dronning Maud som står på Slottsplassen i Oslo, attmed porten inn til Dronningparken, avduka av kong Olav V i 1959, statuen av Camilla CollettEidsvoll frå 1977, og monumentet over Harriet Backer og Agathe Backer-Grøndahl i Holmestrand frå 1982.

Slottsplassen med Dronning Maud-statue

I oktober 2007 vart Ada Madsen utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]