Adagio i E for fiolin og orkester av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adagio i E for fiolin og orkester
K. 261
Fiolinkonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1776
Typisk lengd7:35
ToneartE-dur

Adagio i E for fiolin og orkester, K. 261, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1776. Han vart truleg skriven som ei erstatning for den originale langsame satsen i Fiolinkonsert nr. 5 i A. Ein trur at Mozart skreiv verket spesifikt for fiolinisten Antonio Brunetti, som meinte at den originale langsame satsen var «for kunstig».[1] Verket er skrive for solofiolin, to fløyter, to valthorn og strykarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]