Adam Egede-Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam Egede-Nissen

Fødd29. juni 1868
Frol kommune
Død4. april 1953 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre (ukjend; 1905), Arbeidarpartiet (1905; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923)
Yrkepostmester, politikar
Utdanna vedTrondheim katedralskole
FarChristian Paul Egede-Nissen
EktefelleGoggi Egede-Nissen
BarnAud Richter, Gerd Grieg, Ada Kramm, Oscar Egede-Nissen, Stig Egede-Nissen, Gøril Havrevold, Lill Egede Nissen
MedlemSovjetunionens Venner
Alle verv

Adam Hjalmar Egede-Nissen (29. juni 18681953) var ein norsk postmann og politikar. Mellom 1900 og 1924 representerte han etter tur partia Venstre, Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske PartiStortinget. Frå 1934 til 1946 var han formann for NKP 1934 til 1946.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Egede-Nissen var fødd i Levanger, der far hans var korpslege. Han vart student frå Trondhjems skole i 1886 og cand. philol. to år seinare. I 1887 vart han tilsett i postvesenet, fyrst som assistent i Nordland, og deretter frå 1890 og -91 som høvesvis postekspeditør og postfullmektig i Bergen. I 1897 vart han postmeister i Vardø, eit embete han hadde til han i 1911 fekk tilsvarande stilling i Stavanger. Under si tid i Vardø grunnla han avisa «Finmarken» og var redaktør av denne. Han var medlem av bystyret i Vardø 1903-11. Busett i Vardø hadde han ein del kontakt med Russland, og han var ein av dei fyrste nordmenn som kom i samband med den framveksande russiske kommunistiske rørsla. Mellom anna organiserte han frå 1902 trykking og smugling av revolusjonær litteratur over grensa. I 1906 stod han i spissen for grunnlegginga av den radikale gruvearbeidarforeininga Nordens Klippe.

Venstre og Arbeidarpartiet[endre | endre wikiteksten]

Egede-Nissen var frå 1900 vald inn på Stortinget for Venstre frå krinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø. På tinget slutta han seg til venstrefløya i partiet. Etter å ha vorte gjenvald i 1903 braut han i 1905 med Venstre og slutta seg til Arbeidarpartiet si gruppe på Stortinget. Han vart vald for Arbeidarpartiet ved dei to neste stortingsvala, frå same valkrinsen som før. Egede-Nissen markerte seg, mellom anna under debatten om Hærordninga av 1910 i Stortinget i august 1909, med radikale forslag om nøytralitet og fullstendig avvæpning av forsvaret.[1] I 1912 takka han nei til val, ettersom han året før hadde fått stillinga som postmeister i Stavanger. I si tid på Stortinget var han 1900-03 medlem av vegkomiteen, 1903-12 av militærkomiteen og 1906-12 medlem av Lagtinget. I 1910 var han med i den parlamentariske alkoholkommisjonen.

Egede-Nissen vart vald inn i bystyret i Stavanger i 1913 og i 1915 vart han vald til ordførar, eit verv han beheldt til 1919. Under tida som ordførar vart han bøtelagt for den leiande rolla han hadde i generalstreiken som vart halden i 1919 til støtte for den russiske revolusjonen. I 1918 vart han vald inn i leiinga av Arbeidarpartiet, og i 1921 vart han stortingsmann på ny. Same året vitja han Russland, der han møtte Lenin og deltok på eit møte for å legge grunnen for opprettinga av Komintern.

Frå Arbeidarpartiet til NKP[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1922-24 var han stortingsrepresentant frå Stavanger, vald for Arbeidarpartiet. Ved splittinga av Arbeidarpartiet 1923 fylgde Egede-Nissen mindretalet og vart medlem av NKP. Motstanden mot Peder Furubotn og hans venstre-linje førte til at Egede-Nissen fekk ei perifer rolle i partiet utover 1920-åra. Han flytta i 1933 til Bærum, året etter vart han på ein landskonferanse vald til formann i NKP. Til grunn for valet låg vonbrot over resultatet ved stortingsvalet 1933 og behovet for ein leiar med stor autoritet i eit parti prega av spenningar mellom to fløyer. NKP var på denne tida eit svekka parti, og vart stadig svakare under Egede-Nissen si leiing. Partiet valde å støtte Johan Nygaardsvolds regjering då denne tiltredde i 1935. Ved valet 1936 stilte partiet lister einast i Bergen, utan å få vald representant.

2. verdskrigen braut ut var Egede-Nissen ombord på eit kvalfangarskip, og melde seg til teneste i Toronto i Canada. Etter eit opphald i Reykjavík vart han send til New York i et skip som på turen dit vart torpedert. Nokre sjøfolk omkom, men Egede-Nissen med fleire vart redda av eit amerikansk skip. Hausten 1944 vart han send til Finnmark, der han mellom anna var tolk for den sovjetiske hæren som hadde drive vekk tyskarane. På landsmøtet i 1946 vart Egede-Nissen erstatta av Emil Løvlien som formann i NKP, samstundes vart han æresmedlem av partiet. I striden mot Furubotn i 1949 stod han på Løvlien si side, utan å ha ein framskoten posisjon.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Adam Egede-Nissen var far til 11 barn. Fleire av borna vart kjende skodespelarar; Ada Kramm, Gerd Grieg, Aud Richter, Gøril Havrevold og brørne Oscar Egede-Nissen og Stig Egede-Nissen. Jakob Schøning var halvbror hans og Oscar Egede-Nissen ein onkel.

Egede-Nissen døydde i 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Baalsrud, Terje: Politikken mot forsvaret - frem mot 1940, Institutt for forsvarsopplysning, Oslo 1985, side 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]