Adam Małysz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Adam Malysz)
Adam Małysz

Adam Malysz.jpg

Statsborgarskap Polen
Fødd 3. desember 1977 (44 år)
Wisła
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 2006, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Normalbakke, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Stor bakke, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Stor bakke, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 2006

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Polish Sportspersonality of the Year, Polish Sportspersonality of the Year, Polish Sportspersonality of the Year, Polish Sportspersonality of the Year, kommandørkors med stjerne av Ordenen Polonia Restituta, kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta, offiser av Ordenen Polonia Restituta

Adam Henryk Małysz (fødd 3. desember 1977) er ein tidlegare polsk skihoppar.

Karrieren starta i 1995. Han hadde moderat suksess i verdscupen (7. og 10. plass) dei to fyrste åra. Han kom tilbake i sesongen 2000/2001 då han vann hoppveka og VM i K-90 (han tok sølv i K-120). I 2002 tok Małysz sølv i storbakken og bronse i normalbakken under OL i Salt Lake City. I 2003 vann han begge dei individuelle VM-titlane og vann verdscupen for tredje gong.

Adam Malysz blei 25. mars 2007 den einaste skihopparen bortsett frå Matti Nykänen som hadde vunne verdscupen fire gonger. Under ski-VM i Sapporo 2007 fekk Małysz ein fjerde plass i storbakken og ei gullmedalje i normalbakken. Dermed blei han den einaste med så mange meisterskapsmedaljar. I 2011 vann han bronsemedalje i normalbakken under VM i Oslo.

Under OL i Vancouver vann han to individuelle sølvmedaljar.

I 2001 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Bente Skari og Thomas Alsgaard.

Han har 39 verdscupsigrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]