Adam Nelson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam Nelson


Statsborgarskap USA
Fødd 7. juli 1975 (48 år)
Atlanta
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Adam Nelson (fødd 7. juli 1975) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Atlanta i delstaten Georgia. Han vart verdsmeister i kulestøyt under VM 2005 i Helsinki, og vann elles OL-sølv og tre VM-sølv i tida 2000-07. I 2012 vart han tilkjend gullmedaljen ved Sommar-OL 2004, då resultatet til den opphavlege vinnaren vart annullert.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Adam Nelson under VM 2011 i Daegu

Nelson fekk sitt gjennombrot då han deltok i dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney, der hans 21,21 m gav han sølvmedaljen, åtte centimeter bakom vinnaren Arsi Harju og ein centimeter betre enn tredjemann, John Godina.

Også frå VM 2001 i Edmonton og VM 2003 i Paris reiste Nelson heim med sølvmedaljar. I Edmonton støytte han som lengst 21,24 m, heile 60 centimeter kortare enn sigerherren Godina. I Paris i 2003 vart han lengste støyt målt til 21,26 m, kviterussaren Andrej Mikhnevitsj vann med 21,69 m. Den 18. mai 2002, i sesongen mellom dei verdsmeisterskapane, sette Nelson personleg rekord med 22,51 m under eit stemne i Portland.

Nelson var ein av favorittane i kulestøyt ved Sommar-OL 2004. Han innleia finalen med å støyte 21,16 m, ukrainske Jurij Bilonoh nådde 21,15 m og låg på andreplass. Også i andre omgang nådde Bilonoh 21,15. Stillinga stod seg til siste omgang, då støytte Bilonog 21,16 m og vart tildelt gullet på betre andrestøyt enn Nelson. Åtte år seinare vart prestasjonen til Bilonoh annullert og Nelson tildelt gullmedaljen.

Også under VM 2005 lukkast Nelson å vinne gull, då med eit lengstestøyt på 21,73 m. To år seinare vann han sitt tredje VM-sølv i Osaka, landsmannen Reese Hoffa vann tevling med eit støyt på 22,04 m.

Nelson deltok i sitt siste store meisterskap i 2011, og vart sjuandemann i VM i Daegu.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]