Adam Wilhelm Moltke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adam Wilhelm Moltke
Adam Wilhelm Moltke.jpg
Fødd25. august 1785
Nordfyns kommune
Død15. februar 1864 (78 år)
Statsborgar avDanmark
Partipartilaus
Yrkediplomat, politikar, dommar
FarJoachim Godske Moltke
BarnChristian Moltke, Frederik Moltke
MedlemDet kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie

Adam Wilhelm Moltke (fødd 25. august 1785 på Fyn, død 15. februar 1864 i København)[1] var lensgreve til Bregentved og den første valde danske statsministeren.

Han hadde vore medlem av geheimestatsrådet under eineveldet frå 1831 til 1848. Han tok på seg oppgåva som leiar av den fyrste regjeringa etter marsrevolusjonen og blei ein viktig brubyggjar mellom det gamle einevelde og det nye politiske systemet.

Moltke leia fire regjeringar; Regjeringa Moltke I, II, III og IV og sat som statsminister frå 22. mars 1848 til 27. januar 1852.[2] I delar av periodane var han òg finansminister, marineminister og utanriksminister.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Han blei riddar av Dannebrogordenen i 1815, kommandør i 1824, fekk Dannebrogordenens heiderstekn i 1826, fekk storkorset av Dannebrog i 1828 og vart riddar av Elefantordenen i 1836.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A.W. Moltke frå Dansk biografisk leksikon, 3. utgåve 1979-1984, (vitja 4. februar 2014)
  2. Danske regeringer 1848-1901 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet, (vitja 4. februar 2014)
Spire Denne Danmarkartikkelen som har med politikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.