Adam av Bremen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam av Bremen
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. hundreåret
Meißen
Død

1080-åra

Yrke teolog, historikar, skribent, geograf
Språk middelalderlatin, latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Adam av Bremen på Commons
Blad frå ÖNB cod. 521 (1200-talet) av Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum. Dette er den første sida i den geografiske delen: Descriptio insularum aquilonis som byrjar med teksten: Provincia danorum ….. (Landet til danskane)

Adam av Bremen (òg kalla Adamus Bremensis), som levde i siste halvdelen av 1000-talet, var ein tysk geistleg, lærar og historieskrivar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Adam av Bremen levde innanfor tidsperioden 1040-1085, og han skreiv historieverket sitt om lag 150 år før Snorre Sturlason skreiv Heimskringla.

Vi veit særs lite om livet hans. Truleg kom han frå byen Meissen (latin: Misnia) i Sachsen. Datoane er usikre, men han vart truleg fødd ein gong før 1050 og døydde 12. oktober i eit ukjent år (kanskje 1081, seinast 1085). Han er omtala som «Magister scolarum Bremensis» som viser at han hadde gått gjennom alle fasar av ei høgare utdanning, og at han hadde vore lærar ved skulane i Bremen. Ein trur at han var knytt til Katedralskulen i Bremen, kanskje som rektor.

Adam var utan tvil ein lærd og samvetsfull forskar, og knapt nokon annan i hans samtid kan ha hatt betre kunnskapar om historie, geografi og kulturelle tilhøve i Nord-Tyskland, Skadinavia og områda rundt Austersjøen.

Historieverket[endre | endre wikiteksten]

Han er mest kjend for sitt arbeid med det historiske verket «Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum»[Note 1], om erkebispedømet Hamburg-Bremen[1], skrive på latin. Sjølv om verket til Adam av Bremen ofte inneheld påviselege feil, er det likevel i dag rekna som den viktigaste, skriftlege kjelda for historia til dei nordiske landa, for 900- og 1000-talet. Verket er sett saman av fire bøker:

  • Den første boka handlar om kyrkja i Bremen, om dei første biskopane og om utbreiinga av kristendommen i nord.
  • Den andre boka er eit framhald av den første boka, men gir òg opplysningar om tysk (saksisk), slavisk (polsk) og skandinavisk politisk historie og krigshistorie, for tida 940 til 1045.
  • Den tredje boka er i hovudsak om livet og gjerningane til erkebiskop Adalbert[2]. Hans erkebispedøme Bremen-Hamburg omfatta den gongen dei skandinaviske landa og størstedelen av Nord-Tyskland.
  • Den fjerde boka har tittelen «Descriptio insularum Aquilonis», og skildrar dei nordiske landa og øyane i dei nordlege havområda. Boka inneheld òg den første kjende omtalen av Amerika (Vinland).

Truleg byrja Adam med innsamling av stoff i midten 1060-åra, og ein reknar med at han vitja Danmark i åra 1066/1067 der han hadde lange samtalar med kong Svein Estridsson[Note 2]. Han byrja sjølve skrivinga av verket rett etter 1072 og det første eksemplaret vart overlevert til erkebiskop Liemar i 1075 eller 1076. I dei neste åra heldt han fram med arbeidet, skreiv rettingar og gjorde tillegg, ofte kalla «skolier». Etter at han døydde vart det gjort fleire notar og tillegg av andre, og det er ikkje alltid lett å fastslå kva som er Adam sitt eige arbeid.

Dei tidlegaste eksemplara av historieverket, inklusive Adam sitt eige arbeidseksemplar, er gått tapt. I dag er om lag 20 handskrifter kjende, det eldste av dei er datert til ca. år 1200.

Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum er omsett til norsk og utgitt i Thorleif Dahls Kulturbibliotek: «ADAM AV BREMEN Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden»[3] - omsett frå latin, med innleiing, notar og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen. Etterord: Adam av Bremen og den norrøne oppdagelsen av Amerika av Helge Ingstad. (Aschehoug, Oslo 1993).

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tyder, direkte omsett: Gjerningane (til) Hamburgske kirkes biskoper.
  2. Kong Svein Estridsson (i Danmark: Svend II) var dotterson til kong Svein Tjugeskjegg og var dansk konge i tida 1047-1076. Adam av Bremen kallar han òg «Svein den yngre». Han var truleg Adam si viktigaste kjelde for opplysningar om dei skandinaviske landa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Erkebispedømet Hamburg-Bremen Store norske leksikon
  2. Erkebiskop Adalbert Store norske leksikon
  3. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift Aschehoug (1993) ISBN 82-03-20028-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]