Adama Tamboura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adama Tamboura
20150331 Mali vs Ghana 056.jpg
Personleg informasjon
Fødd 18. mai 1985
Fødestad Bamako
Høgd 170 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Metz
Nummer 24
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-06
2006-09
2010-
Flagget til Mali Djoliba
Sverige Helsingborg
Frankrike Metz
-
65 (0)
5 (0)
Landslag
2004- Flagget til Mali Mali 35 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2010

Adama Tamboura (fødd 18. mai 1985) er ein malisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Metz i den nesthøgste divisjonen i den franske fotballigaen og for landslaget til Mali.

Tamboura begynte fotballkarrieren sin i klubben Djoliba i Mali. 22. august 2006 vart han lånt ut for tre månader til Helsingborg i Sverige. Då låneperioden gjekk ut, skreiv han under på ein treårskontrakt hjå Helsingborg. Etter at denne kontrakten gjekk ut, gjekk han til Metz i fransk Ligue 2, 28. januar 2010.

Tamboura var med på Mali sitt lag i sommar-OL i 2004, då laget kom til kvartfinalen. Han var i troppen til Mali i Afrikameisterskapen i 2008 og 2010. Han spelte alle Mali sine tre kampar i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]