Adamaoua
Adamaoua | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Ngaoundéré | ||
Areal | 63 701 km² | ||
Folketal | 838 689 (2007) | ||
![]() Adamaoua 7°19′17″N 13°35′02″E / 7.3213888888889°N 13.583888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Adamaoua |


Adamaoua er ein av dei ti regionane i Kamerun, den tredje rekna frå nord. Hovudstaden er Ngaoundéré. Regionen har ei flatevidd på 63 691 km², og i 1987 budde det 495 185 menneske i det området som tilsvarar den noverande regionen. Det inneber ein folketettleik på om lag 8 menneske per km². Regionen oppstod i 1983, då den tidlegare regionen (då kalla provins) blei delt i tre: Extrême-Nord, noverande Nord og Adamaoua.
Namnet Adamaoua
[endre | endre wikiteksten]Regionen har det franske namnet Adamaoua og det engelske namnet Adamawa, og begge delar kjem frå fulfulde Aadamaawa. Regionen har namnet sitt etter Moodibbo Aadama (ca. 1786–ca. 1847), ein lærd fulani og heilag krigar som på 1830-talet hærtok dei områda som tilsvarar delstaten Adamawa i Nigeria og regionane Extrême-Nord, Nord og Adamaoua. Han kalla området opp etter seg og la det under Sokoto-kalifatet.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Det meste av regionen Adamaoua ligg på Adamaoua-platået, eit fjellplatå på mellom 1000 m og 2000 m, med ei gjennomsnittshøgd på 1100 m, som strekkjer seg frå Nigeria, gjennom Kamerun og inn i Den sentralafrikanske republikken. Mot grensa til Nigeria ligg Gotel-fjella, der den høgaste toppen er Tchabal Mbabo, på 3 400 m. Dei nordlegaste delane av Adamaoa ligg på berre 500 m og er skilde frå resten av regionen av ei bratt brekke, på fransk kjend som La Falaise.
Adminstrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Regionen Adamaoua er delt inn i fem departement, som har namn etter dei største elvane i Adamaoua:
Departement | Departementshovudstad |
---|---|
Djerem | Tibati |
Faro-Déo | Tignère |
Mayo-Banyo | Banyo |
Mbéré | Meiganga |
Vina | Ngaoundéré |
Departementa er vidare delte inn i distrikt.
Etno-lingvistiske grupper
[endre | endre wikiteksten]
På eit språkleg grunnlag kan ein dele folkesetnaden i Adamaoua i desse etno-lingvistiske gruppene:
Folk som talar bantoide språk
- Ndoro-folk
- Nizaa-folk (også kjende som «nyemnyem» og «suga»)
- Vute-folk
- Mambila-folk
- Konja-folk
- Tikar-folk
Folk som snakkar adamawa-språk
- Peere-folk (også kjende som kutin)
- Kali-folk
- Mbum-folk
- Dii-folk
Folk som snakkar ubangi-språk
Folk som snakkar atlantiske språk
- Fulaniar, som utgjer 60 % av folkesetnaden i regionen og er ei av dei største etniske gruppene i både Adamaoua og heile Kamerun.
Fulani-folket kan delast i to undergrupper, dei bufaste og nomadane. Dei sistnemnde er òg kjende under det til dels nedsetjande namnet mbororo.
Det Norske Misjonsselskap
[endre | endre wikiteksten]Det Norske Misjonsselskap (NMS) har drive misjon i Adamaoua sidan 1925, med hovudsete i regionhovudstaden Ngaoundéré. Dei viktigaste misjonsstasjonane til NMS ligg på desse stadene:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |