Additiv fargeblanding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Additiv fargeblanding
James Clerk Maxwells fargebilde fra 1861

Additiv fargeblanding eller additiv fargesyntese oppstår ved at ljos med ulik bølgjelengd vert sendt ut frå ei ljoskjelde. Auget oppfattar det utsende ljoset som ulike fargar, avhengig av blandingsforholdet mellom primærfargane. Fargar på ein TV- eller dataskjerm og fargar projisert via ein projektor oppstår som eit resultat av additiv fargeblanding.

Som primærfarger brukast raudt, grønt og blått (RGB). Like delar av primærfargane raudt og grønt gjev sekundærfargen gult, like delar blått og grønt gjev cyan, medan blått og raudt gjev sekundærfargen magenta. Når alle tre primærfargene blir blanda i like delar, oppfattar auget det som kvitt. Ved å variere lysstyrken for primærfargene i ulike blandingsforhold, vil ein få fram alle fargar i spektret.

Den additive fargesyntesen bryt med vår intuitive forståing av korleis fargar oppstår som eit resultat av blanding av fargar, som når ein t.d. blander blå og gul farge frå eit maleskrin og får grønt. Skilnaden skuldast at når vi ser fargar reflektert frå ei overflate - og ikkje som direkte utsendt ljos - og det er cyan, magenta og gult som fungerer som primærfarger, medan raudt, grønt og blått blir sekundære fargar. Ein slik fargesyntese kallast subtraktiv fargeblanding.

Både additiv og subtraktiv fargeblanding er eit resultat av korleis auget oppfattar fargar, og ikkje ibuande eigenskapar ved ljoset. Det er stor skilnad på gult ljos (med ei bølgjelengd på 580 nm) og ei blanding av raudt og grønt ljos. For auget gjer det likevel ingen skilnad.

Oppfinninga av additiv fargeblanding er kreditert James Clerk Maxwell, som i 1861 fekk fotografen Thomas Sutton til å ta tre bilete av eit ruta skjerf - med raudt, grønt og blått filter føre linsa. Dei tre bileta vart framkalla og deretter projisert på ein skjerm via tre projektorar utstyrt med dei same tre filtra. Resultatet vart eit komplett fargebilete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]