Additiv funksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein additiv funksjon er ein matematisk funksjon som har den eigenskapen at funksjonsverdien av ein sum er lik summen av funksjonverdiane til addendane.

Det vil sei f(x+y) = f(x) + f(y) for alle definerte verdiar av x og y. Funksjonen f(x)= 2xer altså additiv, sidan f(a+b) = 2(a+b) = 2a+ 2b= f(a) + f(b). g(x)= exer derimot ikkje additiv, sidan til dømes g(2+3) ikkje er lik g(2) + g(3).

Ei additiv gruppe er ei gruppe der det er definert ein gruppeoperasjon som fungerer på same måte som addisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]