Addlestone

Koordinatar: 51°22′N 0°29′W / 51.367°N 0.483°W / 51.367; -0.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Addlestone

St. Paul's kyrkje i Addlestone
St. Paul's kyrkje i Addlestone
St. Paul's kyrkje i Addlestone
Plassering
Addlestone is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Surrey
Distrikt Runnymede
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

16 657
Koordinatar 51°22′N 0°29′W / 51.367°N 0.483°W / 51.367; -0.483
Diverse annan informasjon
Postnummer KT15
Telefon-retningsnummer 0 1932
Commons har multimedium som gjeld: Addlestone

Addlestone er ein by i Surrey i England, omtrent midtveges mellom Weybridge og Chertsey. Han er administrasjonssenter for distriktet Runnymede. Byen ligg nær kryss 11 på ringvegen M25, og har jernbanesambans til London frå Addlestone stasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder truleg Attels dal, det vil seie ein dal som var eigedomen til ein person ved namn Attel. I 1241 nemnast staden som Attelsdene og i 1610 er han oppført på kartet til John Speede som Adleston.

Fram til jarnbana kom i 1848 var Addleston ikkje så mykje meir enn ei klynge småhus rundt The George, dei eldste vertshusa til byen. På grunn av nærleiken til Weykanalen frå det 1600-talet og Basingstokekanalen frå 1700-talet voks det fram noko industri der. Det viktigaste føretaket var Coxes Lock mølle, ei vassmølle som dreiv eit jernverk på 1700-talet.

I 1838 vart det bygd ei kyrkje i Addlestone, og i 1857 vart eit eige sokn oppretta. Det kom meir industri til byen, blant anna Louis Blériot sin flyfabrikk.

Trivia[endre | endre wikiteksten]

I H.G. Wells-boka Klodenes krig landa det andre av ti romskip på Addlestone Golf Links.

Croach Oak er eit eiketre som står i Addlestone. Det blir sagt å vere eit av dei eldste i England. Treet var lengje kjent som Wycliffe's Oak, etter John Wyclif som skal ha halde preiker på staden, utan av det er kjent om han verkeleg gjorde det. I 1810 vart det sett opp eit gjerde rundt det, fordi lokale ungjenter reiv av bark for å lage ein kjærleiksdrykk og dermed nesten tok livet av treet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]