Adelén
Adelén | |
![]() | |
Fødd | 4. november 1996 (26 år) |
---|---|
Fødestad | Horten i Vestfold i Noreg |
Fødenamn | Adelén Rusillo Steen |
Alias | Adelén |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 2013–i dag |
Sjanger | pop, elektronisk dansemusikk |
Instrument | vokal |
Plateselskap | Sony Music Norway |
Verka som | songar |
Adelén Rusillo Steen (fødd 4. november 1996), betre kjend som Adelén, er ein norsk songar. Ho har spansk mor og norsk far.
Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]
Adelén vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Ho vart vald ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik i Noreg. 30. januar 2013 vart songen «Bombo» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Songen er skriven av Ina Wroldsen og Quiz & Larossi.
Semifinale 3[endre | endre wikiteksten]
Bidraget starta som nummer to, etter Gothminister med «Utopia» og før Lucky Lips med «Sweet and Heavy». Adelén vann og gjekk vidare til finalen.
Finalen[endre | endre wikiteksten]
Bidraget starta som nummer tre, etter Fjellfolk med «Ulvetuva» og før Gromth og Emil Solli-Tangen med «Alone».
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
Singlar[endre | endre wikiteksten]
- 2013: Bombo
- 2013: Baila conmigo
- 2014: Always On My Mind
- 2014: Olé