Adelbert von Chamisso
| Adelbert von Chamisso | |
| Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike, Kongedømet Preussen |
| Fødd | 30. januar 1781 Châlons-en-Champagne |
| Død |
21. august 1838 (57 år) |
| Yrke | botanikar, lyrikar, karsporeplanteekspert, bryolog, skribent, naturvitar, zoolog, oppdagar, kurator, plantesamlar, offiser, samler |
| Medlem av | Det prøyssiske vitskapsakademiet[*], Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina[*] |
| Far | Louis Marie de Chamisso de Boncourt |
| Mor | Marie Anne Gargam |
| Ektefelle | Antonie Piaste |
| Born | Max de Chamisso de Boncourt, Ernst Chamisso de Boncourt, Hermann Freimund von Chamisso, Adolph von Chamisso, Louise von Chamisso |
| Adelbert von Chamisso på Commons | |
Adelbert von Chamisso, opphavleg Louis Charles Adélaïde de Chamisso de Boncourt, (30. januar 1781–21. august 1838) var ein franskfødd tysk forfattar, botanikar, zoolog og oppdagar. Han er særleg kjend for boka Peter Schlemihls wundersame Geschichte.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]13 år gammal fylgde han dei adelege foreldra som i 1794 flykta frå ein landsby i Champagne i Frankrike. Frå 1798 til 1807 var han offiser i den prøyssiske hæren. Chamisso vende i 1810 tilbake til Frankrike og besøkte Sveits. Han mislikte Napoleon Bonaparte og flytta i 1813 til Berlin.
I 1814 gav han ut Peter Schlemihls wundersame Geschichte, ei slags sjølvbiografisk blanding av eventyr og roman, full av magiske vendingar, omsett til alle dei store språka og som gjorde Chamisso verdskjend. Soga fortel om ein mann som sel skuggen sin i byte mot den utømelege lukkeposen med Fortuna, og som til sist vert verdsreisande og fysikar takk vere eit par sjumils-sko.
Frå 1815 til -18 deltok Chamisso i Otto von Kotzebue si oppdagingsferd til Polhavet. Ferda var eit forsøk på finne Nordaustpassasjen frå Stillehavet, kosta av det russiske statstyret. Chamisso studerte den lokale planteverda og inuittfolket i Alaska og på Aleutane. Seinare publiserte han utdrag frå reisedagbøkene sine. Heimkomen vart Chamisso i 1819 direktør for Botanischer Garten Berlin.
Chamisso er ein typisk romantikar: det røynlege vert framstilt på ein eventyrleg måte, ingen moral eller livsvisdom er pedantisk. Han var også lyrikar, hadde ein særeigen, enkel og oppfinnsam poesi. Kvinner og jenter er sentrale i relativt mange av dikta hans, som i Frauen-Liebe und Leben. Desse kvinnedikta i fyrste person er uvanlege for den tid å vere, særleg fordi Chamisso syner empati med psyken åt dei kvinnelege hovudpersonane.
I 1878 kom Peter Schlemihl ut i Kristiania «Umskrivi fraa Tysk» til landsmål av Andreas Hølaas. 39 år seinare kom Peter Schlemihls underlige historie, omsett av Elise Ottesen. Edvard Grieg laga musikk til nokre av Chamisso sine dikt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adelbert von Chamisso» frå Wikipedia på tysk, den 14. april 2026.