Hopp til innhald

Adelheid av Aquitaine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adelheid av Aquitaine

Føddca. 950
Død15. juni 1004
Alle titlarfrankisk dronning, kongegemalinne
Hus eller slektRamnulfidane
MorGerloc
FarGuillaume III, hertug av Aquitaine
EktefelleHugues Capet
BarnHedwig av Frankrike, grevinne av Mons, Robert II av Frankrike, Gisèle de France

Adelheid av Aquitaine eller Adelheid av Poitiers, fødd kring 950, død 1004, var fransk dronning gjennom ekteskap med Hugo Capet.[1] Paret grunnla kapetingardynastiet, som fortsette gjennom sonen Robert II.

Adelheid var dotter av Guillaume III, greve av Poitiers og hertug av Aquitaine, og Adela av Normandie.

Ho utgjorde eit pant i samband med ein våpenkvile mellom Guillaume og Hugo, som ho blei gift med i 969. Då Hugo blei krona til fransk konge i 987 blei ho dronning i riket. Dei var den fyrste kongen og dronninga av huset Capet.[2]

Hugo stolte tilsynelatande på dømmekraft til Adelheid, og let henne ta del i styret av riket. Han anerkjende henne som socia et particeps nostril regni, grovt omsett til ‘deltakar i riket vårt’.[3] Han gav henne i oppdrag å forhandla med regenten Teofano av Det tysk-romerske riket, og gav henne samtykke på føretil den avtalen ho klarte å forhandla fram.[4]

Ho grunnla klosteret Saint-Frambault de Senlis.

Adelheid og Hugo hadde minst tre barn som levde opp:

  • Hedwig, grevinne av Mons (eller Hadevide, eller Avoise) (ca. 969–etter 1013), gift med grev Reginar IV av Mons
  • Robert II (972–1031), fransk konge. Krona til medkonge i 987.
  • Gisèle, grevinne av Ponthieu (ca. 970–1002), gift med grev Hugo I av Ponthieu.
  1. Gerd Treffer: Die französischen Königinnen. Pustet, Regensburg 1996, ISBN 3-7917-1530-5
  2. «Women's Biography: Adelaide of Aquitaine, queen of the Franks». Epistolae: Medieval Women's Latin Letters. Arkivert frå originalen 20 December 2016. Henta 7 December 2011. 
  3. Andrew W. Lewis, Royal Succession in Capetian France, Studies on Familial Order and the State (London: 1981), quoted in Jim Bradbury, The Capetians: Kings of France, 987-1328. (London, UK: Hambledon Continuum, 2007), 69.
  4. «Women's Biography: Adelaide of Aquitaine, queen of the Franks». Epistolae: Medieval Women's Latin Letters. Henta 7 December 2011.