Aden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Postkort frå Aden frå rundt 1910
- Sjå òg Protektoratet Aden
Aden (arabisk Baladiyat 'Adan) er ein by ved Adenbukta i Jemen, med 570 000 innbyggjarar. Byen er det økonomiske senteret i Jemen, med mellom anna oljeraffineri, skipsverft og lettindustri. Aden var tidlegare hovudstad i Sør-Jemen.
Aden var i perioden frå 1839 til 1967 del av det britiske protektoratet Aden. Byen var då ein viktig fly- og flåtebase for det britiske imperiet, fram til 1967, då Suezkanalen vart stengd og området fekk sjølvstende.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Aden, tidl.» i Caplex.
- «Aden – by i Jemen» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne geografiartikkelen som har med Jemen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.