Adhemar da Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adhemar da Silva
Memorial - adhemar ferreira da silva - 01.jpg
Fødd 29. september 1927
São Paulo
Død

12. januar 2001
São Paulo

Yrke skodespelar, friidrettsutøvar
Adhemar da Silva på Commons

Adhemar Ferreira da Silva (29. september 192712. januar 2001) var ein brasiliansk friidrettsutøvar som vart oympisk meister i tresteghopp både i 1952 og 1956.

Silva byrja med tresteg i 1947. Han sette ny brasiliansk rekord i øvinga og kvalifiserte seg til Sommar-OL 1948 i London, der han vart nummer 14. Den 3. desember 1950 sette han i heimbyen São Paulo ny verdsrekord i tresteg med nøyaktig 16 meter. Tett på 10 månader seinare flytta han rekorden med ein centimeter i Rio de Janeiro.

Sommaren 1952 var Silva på plass under sommarleikane i Helsinki. I trestegfinalen sette han verdsrekord med fyrst 16,12 m, og så 16,22 meter. Han sette sin femte og siste verdsrekord då han 16. mars 1955 i Mexico-byen i dei panamerikanske leikane forsvarte meistertittelen han hadde vunne i Buenos Aires fire år tidlegare. Vinnarhoppet i Mexico målte heile 16,55 meter.

I november 1956 i Melbourne tok Silva si andre olympiske gullmedalje etter å ha landa på 16,35 m, ni centimeter lengre enn islendingen Vilhjálmur Einarsson.

Silva vann i 1959 trestegtevlinga for tredje gong på rad under dei panamerikanske leikane i Chicago. Året etter deltok han i sitt fjerde sommar-OL, og vart som fyrste gongen nummer 14.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]