Adiabatisk prosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein adiabatisk prosess eller ein isokalorisk prosess er ein termodynamisk prosess der det ikkje skjer varmeutveksling mellom ei væske og omgjevnadane. Uttrykket «adiabatisk» kjem frå gresk og tyder «ugjennomtrengeleg». Ei adiabatisk grense er til dømes ei grense der varme ikkje kan trenge gjennom og systemet vert då kalla adiabatisk (eller termalt) isolert. Ein isolert vegg fungerer tilnærma som ei adiabatisk grense.

Ein adiabatisk prosess som er reversibel vert òg kalla ein isentropisk prosess. I tillegg er ein adiabatisk prosess som er irreversibel og som ikkje gjer noko arbeid ein isentalpisk prosess.

Det motsette tilfellet, der varme vert utveksla med omgjevnadane slik at temperaturen er konstant, vert kalla ein isoterm prosess. Sidan temperatur er termodynamisk konjugert til entropi, er den isoterme prosessen konjugat til den adiabatiske prosessen for reversible transformasjonar.

Ein kan rekne ein transformasjon av eit termodynamisk system som adiabatisk når han er rask nok til at ikkje særleg varme vert utveksla mellom systemet og omgjevandane. I det motsette tilfellet kan ein transformasjon av eit termodynamisk system reknast som isoterm om han er sakte nok til at temperaturen i systemet er konstant ved hjelp av varmeutveksling med omgjevnadane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]