Adies syndrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adies syndrom

Mydriasis (pupillutviding) i begge auge grunna Adies syndrom.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:379.46
ICD-10-kode:H57.0
DiseasesDB29742
MeSHD015845
MeSHD000270

Adies syndrom eller Adies pupill er eit nevrologisk fenomen som er kjenneteikna ved at den eine eller begge pupillane reagerer forseinka på lysendring,[1] saman med forseinka skifte mellom nærsyn og langsyn. For å påvisa Adies pupill bruker ein ein test kalla swinging flush der ein lysar i begge auga etter tur. Det sjuke auget vil då reagere seint på lys då dei efferente nervefibra er skada. Ein annan test for Adies syndrom er light near dissociation. Det er oftast med sfinketer pupilla som vart ramma fyrst og ein vil derfor ikkje kunne endre pupillestorleik ved swinging flush men ein vil kunne akkommodere då ciliærlekamen ennå ikkje vart skada.

Syndromet har namn etter den britiske nevrologen William John Adie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.