Adjágas
| Adjágas | |||
| Adjágas på samefolkets dag i 2012 | |||
| Opphav | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Aktiv | 2004-2014 | ||
| Sjanger | joik, indierock, elektronika, ambient, verdsmusikk | ||
| Plateselskap | Trust Me, Ever Records [1] | ||
| Siste medlemmer | Sara Marielle Gaup Lawra Somby | ||
Adjágas var ei samisk musikkgruppe frå Noreg som var verksam frå 2004 til 2014. Adjágas er namnet på tilstanden mellom å vera vaken og i søvn.[2][3] Gruppa blanda joik med moderne sjangrar som elektronika, indierock og ambient.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Adjagas vart danna i 2004 av Lawra Somby og Sara Marielle Gaup.[4] Allereie året etter oppstarten varma dei opp for Kaizers Orchestra på preikestolen under by:larm, vart invitert til å opne Glastonbury-festivalen, joika under Mandela-konserten i Trondheim og spela på Oslo World Music Festival[5]. På grunn av regn fekk dei ikkje spela på Glastonbury det året likevel.[6][7]
Debutalbumet Adjágas vart gjeve ut 21. november 2005 med Paal Fagerheim og Juhani Silvola på gitar og Timo Silvola på perkusjon.[5]
I 2007 kom gruppa attende til Glastonbury og opna festivalen, der kjente artistar som Arctic Monkeys, Amy Winehouse og Bloc Party også spela.[6]
Andrealbumet Mánu rávdnji, som tyder ‘månestraum’, vart gjeve ut sist i 2009[8] Albumet vart godt motteke og fekk terningkast fem i mange norske avisar. I 2010 spela gruppa ved OL i Vancouver.[9] og året etter var dei på turné i USA.[10]
Bandet ga seg i 2014, men medlemene fortset å drive med musikk.[11][12]
Songen deira «Ozan» vart framført av Ella Marie Hætta Isaksen på Stjernekamp 2018 på NRK som finalelåt.[13]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- Adjágas (2005)
- Mánu rávdnji (2009)
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- Mun Ja Mun (2006)
- Lihkolaš (2009)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Adjágas. Discogs. Henta den 6.12.2018
- ↑ Bitustøyl, Kjell. (19.2.2013). Adjágas. I Allkunne. Henta den 6.12.2018.
- ↑ adjágas. (16.10.2018). I Wiktionary, Den frie ordboka. Henta 13:32, den 6.12.2018.
- 1 2 Adjágas biography. Allmusic. Henta den 6.12.2018.
- 1 2 Holen, Øyvind. (3.11.2005). Joik fra skumringstimen. Ballade.no. Henta den 6.12.2018.
- 1 2 Youngs, Ian. (22.6.2007). Glastonbury openers praise fans. BBC. Henta den 6.12.2018.
- ↑ Brattland, Jane Elin. (20.2.2007). Adjágas åpner Glastonbury. NRK. Henta den 6.12.2018.
- ↑ Artistside hjå Trust Me Records. Henta den 6.12.2018.
- ↑ Lysvold, Susanne. (16.2.2010). Adjagas til Vancouver-OL. NRK. Henta den 6.12.2018.
- ↑ Pettersen, Tomas Lauvland. (01.07.2011). Adjagas US tour. listento.no. Henta den 7.12.2018.
- ↑ Facebook-innlegg av Adjágas (30.10.2014). Henta den 6.12.2018.
- ↑ Pulk, Åse. (31.10.2014). Oppløser Adjágas etter ti år. NRK. Henta den 6.12.2018.
- ↑ Johansen, Marit. (27.10.2018). Stjernekamp: Finale. NRK. Henta den 6.12.2018