Administrativ inndeling av Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukraina si administrative inndeling (engelsk)
Kart over Ukraina sine oblastar øvste administrative inndeling. Tala svarer til tala i lista.
Ukraina sine rajonar etter reforma i 2020.

Den administrative inndelinga av Ukraina byggjer på at landet er organisert som ein einingsstat (bokmål: enhetsstat). Under sentraladministrasjonen, det nasjonale nivået, har Ukraina på regionalt nivå 24 oblastar (provinsar), to metropolar Kyiv og Sevastopol og den autonome republikken Krim.[1] På kommunalt nivå har Ukraina per 2021 om lag 136 rajonar (kommunar) og 108 bydistrikt (urbane rajonar). Ordninga med «byar av regional tyding» vart avskaffa i 2020.

Russisk annektering av ukrainsk territorium[endre | endre wikiteksten]

Per september 2022 er oblastane Donetsk, Luhansk, Kherson, Zaporizjzja, den autonome republikken Krim og Sevastopol annektert og dominerande kontrollert av Russland.[2][3]

Oblastar i Ukraina[endre | endre wikiteksten]

  1. Volyn oblast
  2. Rivne oblast
  3. Zjytomyr oblast
  4. Kyiv (hovudstad)
  5. Kyiv oblast
  6. Tsjernihiv oblast
  7. Sumy oblast
  8. Kharkiv oblast
  9. Luhansk oblast
  10. Lviv oblast
  11. Ternopil oblast
  12. Khmelnytskyj oblast
  13. Vinnytsia oblast
  14. Tsjerkasy oblast
  15. Poltava oblast
  16. Dnipropetrovsk oblast
  17. Donetsk oblast
  18. Zakarpatska oblast
  19. Ivano-Frankivsk oblast
  20. Tsjernivtsi oblast
  21. Kirovohrad oblast
  22. Odessa oblast
  23. Mykolajiv oblast
  24. Kherson oblast
  25. Zaporizjzjia oblast
  26. Den autonome republikken Krim
  27. Sevastopol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «РЕГІОНИ УКРАЇНИ ТА ЇХ СКЛАД», web.archive.org, 26. desember 2011, arkivert frå originalen 26. desember 2011, henta 30. september 2022 
  2. Grimstad, Tonje (30. september 2022), «Russland har nå erklært fire ukrainske områder som russiske», NRK (på norsk bokmål), henta 30. september 2022 
  3. «Ukraine - The crisis in Crimea and eastern Ukraine | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 30. september 2022