Administrativ inndeling i Albania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den administrative inndelinga i Albania vart endra ved ei administrasjonsreform i 2014. Landet er delt inn i 12 regionar (albansk qark), som igjen er delte inn i 61 kommunar (albansk bashki).[1]

Tidlegare var det eit skilje mellom bykommunar (albansk: bashki) og landkommunar (albansk: communa).[2] I 2014 vart dette skiljet oppheva, og talet på kommunar vart redusert frå 373 (308 landkommunar og 65 bykommunar) til 61. Dei tidlegare kommunane inngår som administrative einingar innafor dei nye storkommunane.

Før år 2000 hadde landet 36 distrikt, som vart oppløyste og slått saman til dei noverande 12 regionane gjennom ei admininistrasjonsreform i 2000.[2][3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.