Hopp til innhald

Administrativ inndeling i Moldova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrative inndelingar i Moldova

Den administrative inndelinga i Moldova er stadfesta i Lov nr. 764-XV av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova.[1]

Distrikt, større bykommunar og autonome territorium

[endre | endre wikiteksten]

Landet har

Bykommunen Bender og den territoriale eininga Venstre breidd av Dnestr er ikkje kontrollerte av styresmaktene i Moldova, men er under kontroll av den internasjonalt ikkje godkjende republikken Transnistria.

Byar, landkommunar og sektorar

[endre | endre wikiteksten]

Distrikt, større bykommunar og autonome territorium er administrerte gjennom byar (oraș) og landkommunar (comuna), som igjen kan omfatte fleire busetnader.

Bykommunen og hovudstaden Chișinău er delt inn i fem sektorar med sine byar og landkommunar.

Utviklingsregionar

[endre | endre wikiteksten]

For statistiske føremål er landet delt inn i tre utviklingsregionar:[2]

Regionane har ingen adminstrativ funksjon. Områda som er kontrollerte av Transnistria, det autonome territoriet Gaugazia og hovudstadsområdet Chișinău er ikkje rekna med i utviklingsregionane.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024. 
  2. «Lege Nr. 438 din 28-12-2006 privind dezvoltarea regională în Republica Moldova (Lov nr. 438 av 28.12.2006 om utviklingsregionar i republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 16. februar 2007. Henta 19. oktober 2024.