Admiral P

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Admiral P
2015-09 Admiral P Granittrock.jpg
Fødd 27. mars 1982
Zambia

Philip Boardman (fødd 27. mars 1982), kjend under artistnamnet Admiral P, er ein norsk-zambisk reggae-artist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Boardman voks opp i Zambia med norsk far og zambisk mor,[1] og har nyanja som morsmål. 13 år gamal flytte han til Noreg.

I 2008 debuterte han med albumet Muzikal Bullit - The Admiral Story. Her samarbeider han med Nico D, Mira Craig, El Axel, Ka Simba og Onkl P. Året etter gav han og den norske reggaemusikaren Nico D ut albumet To the World som duo.

I 2011 vart Admiral P kjend for alvor då han gav ut EP-en Jobber overtid, der han for fyrste gong song berre norskspråklege tekstar. Singlane «Spinnvill», «Gjør så godt du kan» og «Snakke litt» vart spelt mykje på radio. Særleg «Snakke litt» fekk mykje speletid, og vart nominert til Årets hit i Spellemannprisen 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Muzikal Bullit - The Admiral Story (2008)
  • To The World med Nico D, (2009)
  • Jobbe overtid EP (2011)
  • Summer Drop EP (2013)
  • Selvtillit & Tro (2014)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia om Admiral P og Muzikal Bullit - The Admiral Story, henta inn 29. februar 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]