Adolf Erik Nordenskiöld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adolf Erik Nordenskiöld
Adolf Erik Nordenskiöld by Axel Jungstedt 1902.jpg
Fødd 18. november 1832
Helsingfors
Død 12. august 1901
Trosa kommun
Nasjonalitet Finland, Sverige
Område geologi, geografi
Yrke oppdagar, kartografihistorikar, kartograf, skribent, geolog, geograf
Alma mater Imperial Alexander University
Barn Erland Nordenskiöld, Gustaf E. A. Nordenskiöld
Medlem Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Svenska Akademien
American Academy of Arts and Sciences

Nils Adolf Erik Nordenskiöld (18. november 183212. august 1901) var ein finlandssvensk polfarar og kartograf, fødd i Helsinki. Han leidde i 1878/79 den fyrste gjennomsiglinga av Nordaustpassasjen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Adolf Erik Nordenskiöld

Nordenskiöld var son til ein mineralog, og studerte sjølv mineralogi i Helsinki. Han kom på kant med det russisk-kontrollerte styret i Finland, og flytta då i 1857 til Stockholm i Sverige. Året etter fekk han leiarstillinga for dei mineralogiske samlingane ved Naturhistoriska riksmuseet. Same året deltok han på den fyrste av fem svenske vitskaps-ferder til Svalbard. Frå og med den tredje Svalbard-ferda i 1864 var han ekspedisjonsleiar.

Under den fjerde ferda til Svalbard, 19. september 1868, nådde dampskipet Sofia 81° 42' nordleg breidd, lenger nord enn noko anna fartøy hadde vore, til dess. Sommaren 1870 leidde Nordenskiöld ein ekspedisjon til Grønland. Ved øya Disko tok mannskap seg 45 km inn i landet. Turen skildra Nordenskiöld i Redogörelse för en ekspedisjon til Grønland år 1870. Den femte svenske Svalbard-ferda leidde han med avgang frå Tromsø i midten av juli 1872. Mannskapa overvintra i Mosselbukta nordaust på Spitsbergen. Saman med nokre andre menn la Nordenskiöld våren 1873 ut på ein sledetur mot Nordpolen. Istilhøva førte til at dei gjorde vendereis etter å ha nådd Sjuøyane. I staden tok dei turen austover og inn på breisen ved Nordaustlandet, før dei for tilbake til Mosselbukta.

Georg von Rosen: Adolf Erik Nordenskiöld, 1886

I 1875 sigla Nordenskiöld med ein fiskebåt gjennom Karahavet til Jenisej-osen. For å prove at Sibir hadde kommersiell interesse, noko mange tvilte på, gjentok han turen i 1876. Mest ry fekk han for ferda gjennom Nordaustpassasjen langs nordkysten av Sibir i 1878-79. Med den ombygde selfangstskuta Vega la ekspedisjonen ut frå Göteborg 4. juli 1878. Etter at Vega hadde sigla langs nordkysten av Sibir, fraus skuta fast i slutten av september 1878, på 67° 30' nord og 173° 23' vest, nordvest for Beringsundet. Fyrst den 18. juli 1879 kunne reisa halde fram. Tidleg i september månad kom Nordenskiöld til Japan, derifrå sigla Vega tilbake til Europa gjennom Suezkanalen. Kongen av Sverige, Oscar II., utnemnde då Nordenskiold til friherre. Rapporten om sjøreisa kom ut på fleire språk til same tid.

23. mai 1883 la Nordenskiöld ut på ein ny tur til Grønland. Den 1. juli gjekk mannskap i land i Auleitsivikfjorden på Vest-Grønland. I tida 4. juli til 4. august gjekk dei inne på Grønlandsisen og kom lenger inn enn nokon før dei hadde vore. Skuta nådde Reykjavik den 9. september på heimferd.

På Svalbard finst Nordenskiöldbreen, Nordenskiöldbukta, Nordenskiölddelva, Nordenskiölddalen, Nordenskiöldkysten, Nordenskiöldfjellet, Nordenskiöldøya og halvøya Nordenskiöld Land. I tillegg er Nordenskiöldøyane å finne i Karahavet. Også mineralet nordenskiöldin og asteroiden (2464) Nordenskiöld har fått namn etter den svenske polfararen.

I perioden 1870-72 var Nordenskiöld medlem av den svenske Riksdagen, som representant for liberalarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]