Adolf Fonahn
Adolf Fonahn | |
![]() | |
Fødd | 15. juni 1873 Hedrum |
---|---|
Død | 21. august 1940 Oslo |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | lege, historikar |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Adolf Mauritz Fonahn (15. juni 1873–21. august 1940)[1] var ein norsk medisinalhistorikar, orientalist og numismatikar frå Hedrum i Vestfold.
Fonahn vart utdanna cand. med. i 1899. I 1909 vart han universitetsstipendiat i medisinalhistorie, frå 1917 var han dosent. To år seinare vart han styrar for Myntsamlinga ved Universitetet i Oslo. År 1926 vart han konservator ved den asiatiske avdelinga ved Etnografisk Museum, Universitetet i Oslo.
Alt i studieåra tok Fonahn til å granske medisinalhistorie, jamsides fagstudiet. Han lærte seg gammalegyptisk og arabisk språk, og gjorde mange studieferder utanlands. Fonahn gav ut fleire viktige verk, til dømes Zur Quellenkunde der persischen Medizin i 1910. Særleg kjent vart seksbandverket Quaderni d'anantomia som kom i åra 1911-16. Dette verket om Leonardo da Vinci gav han ut saman med Halfdan Hopstock og Ove Vangensteen. Der makta dei tyde teksta på orgiginalteikningane, ei tekst skriven med «spegelskrift».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok, IV. bandet, 1953
- ↑ Per Holck. «Adolf Fonahn». Norsk biografisk leksikon. Henta 6. mars 2016.