Adolf Lindvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolf Lindvik
Fødd 10. juni 1886
Død

22. mai 1946

Yrke jurist

Adolf Fridtjof Lindvik (10. juni 188622. mai 1946) var ein norsk rettslærd, professor ved Universitetet i Oslo frå 1926.

Lindvik var son til ein landhandlar i Saugesund i dåverande Dypvåg herad. Han tok examen artium ved latinlinjaRagna Nielsens skole Kristiania i 1909 og vart cand.jur. frå universitetet i 1917. I tida 1919-21 studerte han rettsvitskap i Paris og Leipzig, og tok den juridiske doktorgraden i 1924 med ein avhandling om «Prætors rettsskapende virksomhet». Han var den fyrste norske juristen som tok doktorgraden på eit emne frå romarretten.

I 1926 vart Lindvik utnemnd til professor i rettsvitskap på Universitetet i Oslo, med romarrett som spesialfelt. Fagområdet hans vart seinare utvida til rettshistoria gjennom antikken.

I 1942 sat Lindvik fengsla i fangeleiren Grini frå 14. april til 18. august. Han omkom då eit rutefly på veg til Helsinki styrta ved Snarøya i Bærum den 22. mai 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]