Adolf Loos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolf Loos

Statsborgarskap Austerrike, Tsjekkoslovakia, Cisleithania
Fødd 10. desember 1870
Brno
Død

23. august 1933 (62 år)
Kalksburg

Yrke arkitekt, skribent, architecture critic, designar, fotograf, lærar, kunstteoretiker, essayist, kunstsamlar
Språk tysk
Far Adolf Loos
Ektefelle Lina Loos, Elsie Altmann-Loos, Claire Beck Loos
Adolf Loos på Commons

Adolf Loos (fødd 10. desember 1870 i Brünn i Austerrike-Ungarn, død 23. august 1933 i Wien i Austerrike) var ein tidleg modernistisk arkitekt frå Austerrike.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Adolf Loos vaks opp som son av ein steinhoggar i Brünn i det dåverande Austerrike-Ungarn. Han var ni år gamal då faren døydde. Mora gjorde han arvelaus då han var 23 år, sidan han til hennar sorg ikkje ville halde fram i faren sitt fotspor.[1] Utdanninga fekk han dels i Böhmen og dels på Den polytekniske læreanstalten i Dresden. Han mottok viktige impulsar frå Gottfried Semper og Karl Friedrich Schinkel, og vart påverka av skriftene åt Vitruvius.

Ferdig utdanna reiste han til USA. Under opphaldet jobba han både som tallerkenvaskar og journalist. Han vart kjend med Chicago-skolen og såg verdsutstillinga i Chicago i 1893.

Looshaus i Michaelerplatz, Wien. Legg merke til den ornamentale skilnaden mellom Looshaus og nokre av dei kringliggjande, meir klassisk inspirerte bygningane
Den amerikanske baren eller Kärntner Bar i Wien som var det opphavlege namnet
Steiner Haus i Wien

I 1896 vende han attende til Wien. I 1903 grunnla han tidsskriftet Das Andere, som hadde som mål å agitere for ein vesterlandsk og anglofil kultur. Tidsskriftet kom berre med to nummer, der alt var skrive av Loos. I denne perioden var han ein del av «avantgarden» i Wien og vart kjent med mellom andre Arnold Schönberg. Dei ynskte seg eit brot med tradisjonell kunst, og i 1908 skreiv han Ornament og brotsverk som er eit av dei viktigaste manifesta frå 1900-talet om formgjeving og arkitektur. Etter dette vart han ein populær føredragshaldar

Som arkitekt hadde han hittil hatt ei rad innreiiningsarbeid og arbeidde med butikkdesign, men i 1911 fekk han oppdraget «Haus am Michaelerplatz» som har vorte karakterisert som ein «ikkje-tatovert moderne arkitektur». Det blir også kalla «huset utan augnebryn», og vart av mange wienarar opplevd som eit monstrum. I 1911 eller året etter teikna Adolf Hitler Michaelerplatz, og han har gjeve att heile plassen, minus Loos-huset. I staden teikna han inn eit hus som hadde stått der på 1700-talet.[2]

Dei neste oppdraga var ein rad villaer, mellom dei Villa Steiner, Villa Scheu og Villa Horner. Karakteristisk for desse er nakne, pussa fasadar og strenge, geometriske bygningsvolum, medan interiøra syner forfina, elegante detaljar og eigne teoriar om nyttinga av rom. Det er stor kontrast mellom det ytre og det indre, med drag frå engelsk og amerikansk bustadinnreiing.

Arkitekten[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje Reyner Banham[3] var Loos også ein tradisjonalist som såg bakover, ikkje framover. Han var dessutan ein klassisist, og kunne til dømes nytte ein dorisk søyleorden når han tykte at situasjonen kravde det. Han har til dømes nytta klassiske detaljar i taket på Den amerikanske baren i Wien. Han var også ein schinkelist, og i Ornament og brotsverk skriv han i slutten av boka at all kultur kviler på ein viss kontinuitet med fortida.

Ifylgje Kenneth Frampton[4] var Loos sitt problem korleis ein kunne kombinere den uformelle komforten i engelsk interiør med klassiske former. Loos nytta panel opp til biletnivå, anten av tre eller pussa stein. Veggen over vart anten etterlate naken, eller runda av med ein klassisk frise i gips. Taka i offentlege rom var ofte nakne, men i private rom anten av tre eller metall. Gavlane var til vanleg av stein. Så langt som mogleg vart møblar alltid bygd inn i veggane. Det vart nytta skikkelege materialar og godt handverk. Loos såg også attende til tidlegare periodar si handsaming av tradisjonen som eit kulturelt grunnlag for hans eigen arkitektur. I bygningen hans på Michaelerplatz i Wien er det såleis mogleg å spore mange semantiske og arkitektoniske referansar.[5]

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • 1897 Ebenstein motehus, Wien
  • 1898 Fire tusen seters teater, Wien (prosjekt)
  • 1898 Gold & Salatsch herrebutikk, Wien
  • 1910 Steiner Haus, Wien
  • 1911 Haus am Michaelerplatz, Wien
  • 1922 Rufer Haus, Wien
  • 1926 Hus og studio for dadaist Tristan Tzara på Montmartre i Paris
  • 1930 Khuner Villa i Kreuzberg i Austerrike
  • 1930 Villa Müller[6] i Praha i Tsjekkia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2016.
  • Banham, Reyner,Theory and Design in the first machine age, Architectural Press, London 1960, reprint 1997, ISBN 0-7506-0718-1
  • Frampton, Kenneth Modern Architecture A critical history Thames and Hudson, London, reprint 1996
  • Loos, Adolf, Ornament og forbrydelse, i Lyhne, Vagn og Nielsen, Kristian Berg: red. Tankebygninger, Arkitektur og kunsthåndvære 1851 – 1914. Klim, Århus 1994, s. 250-257, ISBN 87-7724-424-9
  • Loos, Adolf On Architecture, Ariadne Press, Riverside, California 2002, ISBN 1-57241-098-1
  • Lustenberger, Kurt, Adolf Loos, Zürich 1994, ISBN 3-7643-5587-5
  • Schezen, Roberto,Adolf Loos Architecture 1903 – 1932, The Monacelli Press, New York 1996, ISBN 1-885254-13-X

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. juli 2010, henta 4. mars 2016 
  2. Geert Mak: Europa (s. 67), forlaget Cappelen Damm, Oslo 2008, ISBN 978-82-02-27348-4
  3. Reyner Banham. Theory and design in the first machine age. Kapittelet om Loos s. 88-97
  4. Kenneth Frampton: Modern architecture, a critical history Kap. om Loos s. 90–99
  5. Sjå Schezen, Roberto 1996 Adolf Loos, Architecture 1903-1932 s.56, og Lustenberger, Kurt 1994 Adolf Loos s.68. Sjå også Adolf Loos si skildring av byggeoppgåva i Loos 2002 On Architecture s. 92-107
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. desember 2005, henta 4. mars 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Adolf Loos