Adolf Noreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolf Noreen
Adolf Noreen 1917.jpg
Fødd13. mars 1854
Östra Ämterviks församling
Død13. juni 1925
Ärtemarks församling
NasjonalitetSverige
Yrkelingvist, nordist
InstitusjonarUppsala universitet
Q10550219
Alma materUppsala universitet
BarnErik Noreen, Ärland Noreen
MedlemSvenska Akademien
Kungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Adolf Gotthard Noreen (13. mars 185413. juni 1925[1]) var ein svensk språkforskar. Han vart student i Uppsala 1871, dr. philos. 1877, dosent same året, og professor i nordiske språk ved universitetet i Uppsala 1887. Frå 1919 var han medlem av Svenska Akademien. Han var far til språkforskaren Erik Noreen.

Som forskar var Noreen på fleire måtar banebrytende. Til å byrja med arbeidde han med svenske dialektar, som av han for første gong vart handsama ved hjelp av den nyare språkvitskapen sin historiske og fonetiske hjelpemiddel. Seinare handsama han lydtilhøva i nordiske språk i fleire verk, særleg gjennom lærebøkene sine. Den sentrale delen av Noreen sitt forfattarskap handsamar likevel svensk språk. Som ordførar i Rättstavningssällskapet gjekk han inn for endringar av stavemåten i svensk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Fryksdalsmålets ljudlära (1877)
  • Dalbymålet (1879)
  • Fårömålet (1879)
  • ‘Sam. Columbus’ En svensk ordeskötsel (med G. Stjernström 1881)
  • Svensk språklära (med E. Schwartz 1881)
  • Dalmålen (188183)
  • Altislandische und altnorwegische Grammatik (1884) [1]
  • Utkast til föreläsningar i urgermansk ljudlära med huvudsakligt avseende på de nordiska språken (188890)
  • Geschichte der germanischen Philologie (1891)
  • Valda stycken af svenska författare 1526–1732 (med E. Meyer, 1893)
  • Altschwedisches Lesebuch (189294)
  • Spridda studier (1895)
  • Altschwedische Grammatik mit Einschluss des Altgutnischen (1897) [2]
  • Vårt språk (1904–24)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ledamotsregister: Noreen, Adolf». Svenska Akademien. Henta 17. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]