Adolph Christian Wetlesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolph Christian Wetlesen
Fødd13. april 1813
Død27. september 1898 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Adolph Christian Wetlesen (13. april 181327. september 1898) var ein norsk handelsmann, gardbrukar, politikar og fyrvaktar frå Bergen. Stortingsmann frå Nordland 1855-58. Han var son til Hans Jørgen Wetlesen og bror til Jacob Vetlesen.

Adolph Wetlesen var handelskontorist i Bergen frå 1831 til 1841. I 1845 opna han handel på Straumen i Rana, der han også dreiv gard. Han var ordførar i fleire år, forlikskommissær i 14 år og sentral då Nordlands amt landbruksskule vart oppretta.

Wetlesen møtte på stortinget 1854, 1857 og omframtstortinget 1858 som ein av fire representantar frå Nordland fylke. Han var i 1854 medlem i Tollkomiteen og 1857 i Næringskomite nr 1. Ved sidan av stortingsvervet var han i 1855 med i ein kongeleg kommisjon om Lofotfisket.

Frå 1867 arbeidde Wetlesen som fyrvaktar, fyrst på Reine, sidan 1871 på Hekkingen og frå 1880 Kvitnes på Nordmøre. Han døydde i Kristiansund, 85 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]