Adriaen van Ostade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adriaen van Ostade

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 10. desember 1610
Haarlem
Død

1685 (74 år)
Haarlem

Yrke kunstmålar, gravør, kunstnar, grafikar
Språk nederlandsk
Sjanger sjangermåleri
Medlem av Haarlem Guild of St. Luke
Adriaen van Ostade på Commons

Adriaen van Ostade, døypt 10. desember 1610, gravlagd 2. mai 1685, var ein nederlandsk sjangermålar under Den nederlandske gullalderen. Ostade var frå Haarlem, der han arbeidde heile livet. Han måla ofte skjemtsamt om livet til bøndene. Også broren Isaac van Ostade var ein kjend målar.

Bønder på ei kro, ca. 1635
Målaren i verkstaden sin, 1663
Fiskerhandlerska, 1672

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Saman med den nokre år eldre flamlendaren Adriaen Brouwer var han i 1627 elev hos Frans Hals. Fram til kring 1640 laga Ostade bilete med same harmoniske preget som karakteriserer Brouwer sine verk. Måleria hans hadde elles drag av karikatur og det groteske. Fargebruken hans i denne første perioden minner meir om Hals enn om Brouwer, hovudfargen er kjølig grå, inn i mellom også i blått.

I sin andre periode skildrar Ostade bøndene sitt familieliv som fredfullt, der dei etter avslutta dagsverk utanfor landsbykroa lyttar til den omvandrande lirespelaren, slår kjegler eller spelar på brett inne i kroromet. Måleria hans frå denne tida, hans beste, er måla med breiare pensel enn tidlegare og haldne i ein brunare, varmare tone. Eit slags rembrandtskt, dunkelt lys breier sitt skimmer over bileta.

Ostade sin tredje periode er kjenneteikna av ei meir nøktern oppfatning og ein meir berekna komposisjon. Bileta er mindre pittoreske og målinga gjort med ei forsiktig hand. Han vende også tilbake til ein kjøligare og gjennomskinleg farge.

Ostade var ytst produktiv, kanskje tok han hjelp frå elevane sine; Isack van Ostade, Cornelis Bega og Cornelis Dusart. Dusart fullførte elles mange av dei måleria som ikkje var ferdige då Ostades døydde. Ostade nådde aldri opp mot sitt lysande førebilete Brouwer, og har heller ikkje noko av Jan Steen sin spiritualitet. Hans burleske og godmodige framstillingar har aldri sakna ivrige beundrarar. Verk som Lirespelaren utanfor bondestova, Målaren i sitt atelier, Spelemannen, Bønder på kroa og Det indre av ei bondestove høyrer alle med mellom dei meste kjende måleria hans.

Ostade døydde i heimbyen Haarlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Adriaen van Ostade