Adrian Clemens Di Ruscio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adrian Clemens Di Ruscio

Fødd2. juli 1981 (42 år)
OpphavNoreg
Verka somkomponist

Adrian Clemens Di Ruscio (fødd 2. juli 1981) er ein norsk komponist frå Torshov i Oslo. Far hans var den italienske lyrikaren Luigi Di Ruscio.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Adrian Di Ruscio tok fiolintimar ved musikkskulen i Oslo i oppveksten, og skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som fjortenåring.[1] Han fordjupa seg i bratsj ved musikklinja på Foss vidaregåande skule, og deretter studerte han komposisjon ved Norges Musikkhøgskole.[2] Adrian Di Ruscio bur og arbeider i Oslo.

Adrian Di Ruscio har til no skrive over 100 verk. Dei strekkjer seg frå kammermusikk og orkestermusikk, til musikk for vokal, musikk for soloinstrument og elektroakustiske verk. Dei fleste av verka hans er skrivne mellom 1998 og 2004. Han er inspirert av musikarar som dei franske serialistane Pierre Boulez, Jean Barraqué, italienske Luigi Nono og engelske Brian Ferneyhough. Di Ruscio hentar også inspirasjon frå litteratur og filosofi, m.a. Karl Marx, Bertolt Brecht og den norske retorikkprofessoren Georg Johannesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]